For tre veker sidan kom avslaget frå regjeringa om å gi løyve til ei gondolbane til toppen av Sulafjellet.
Primus motor for reiselivssatsinga, Knut Flakk, har likevel ikkje gitt opp å realisere det som kan bli regionens største reiselivsinvestering.
– Vi håpar framleis at det kan bli noko av, men vi har ikkje konkludert om kva vi vil gjere, seier han til Nett No.
Flakk Gruppen ønska å bygge ei bane frå Devoldfabrikken i Langevåg opp til Rundehornet.
Eit stort fleirtal av lokalpolitikarane i Sula sa ja til planane – medan statsforvaltaren og fleire offentlege instansar protesterte.

Truleg ikkje aktuelt å ta saka til retten
Avgjerda frå kommunal- og distriktsdepartementet har sett ein stoppar for planane som til no har vore på bordet.
Men Flakk har fleire moglegheiter for å realisere ein gondol i Sula. Ein av dei er å ta avslaget frå departementet til retten.
Det meiner Flakk er eit lite aktuelt alternativ.

Vil vurdere å endre søknaden
Men utbyggjarane kan også endre på planane og sende inn ein ny søknad.
Protestane frå statsforvaltaren gjekk ut på at gondolbana i for stor grad var i strid med viktige natur, landskaps- og friluftsinteresser. Ei endring i utforminga kan gjere at ein kjem forbi ei slik innvending.
– Det er mogleg å endre søknaden, og det er noko vi vurderer, seier Flakk.
Det er mogleg å endre søknaden, og det er noko vi vurderer

Samla effekt på 150 til 180 årsverk
Gondolbana slik den var planlagt kunne frakta opptil 1200 passasjerar i timen opp til fjellet.
I tillegg vart det lag opp eit betydeleg service- og aktivitetstilbod ved både topp- og mellomstasjonane. Ein zipline og løype for skikøyring med natursnø, høyrde med i planane.
Undersøkingar frå Flakk Gruppen anslår at satsinga vil gi ein direkte effekt på i overkant av 120 årsverk, i tillegg til ein indirekte effekt på ein plass mellom 30 og 60 årsverk.

Nye tap ved Devoldfabrikken
Å få fart på besøket ved Devoldfabrikken i Langevåg har vore eit heilt sentralt motiv for Flakk Gruppen til å bygge gondol.
Denne veka kom dei siste rekneskapstala som viser at eigarane haldt fram med å tape pengar i fjor.
For O. A. Devolds Sønner AS, som står for drifta av senteret, blei fasiten eit underskot før skatt på nær 15 millionar kroner i 2024. Driftsinntektene stoppa på knappe 20 millionar.
Selskapet Devoldkantina AS gjekk også på eit tap før skatt på kring 3,3 millionar, etter å ha hatt driftsinntekter på 8,6 millionar koner (sjå tabellar under).
Flakk: – For lite besøkande
Begge selskapa på Devoldfabrikken har hatt minusresultat dei ti siste åra.
– Både O. A. Devolds Sønner og Devoldkantina går dårleg. Årsaka er at det er for lite besøkande på senteret, og derfor har vi jobba med å utvikle gondolen for å trekke fleire folk hit, seier Knut Flakk.
Om det ikkje blir gondol, er Flakk klar på at det vil bli ei nedbygging av Devoldfabrikken - slik han tidlegare har åtvara om.
Spørjeundersøkingar mellom dei som driv på senteret i dag, viser at kring halvparten vil legge ned om gondolbana ikkje blir realisert. Nokre svara at dei vil halde fram drifta i eit redusert omfang.
| O. A. Devolds Sønner AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 22,7 | 20 |
| Driftsresultat | -2,4 | -3,9 |
| Resultat før skatt | -11,5 | -14,7 |
| Devoldkantina AS | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 8,6 | 11 |
| Driftsresultat | -3,2 | -1,9 |
| Resultat før skatt | -3,3 | -2,1 |
Publisert: 11.07.2025 09:20
Sist oppdatert: 11.07.2025 10:27






