Boligprosjekt Boligbygging Åse januar 2023 foto Ogne 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
FÆRRE NYE BUSTADAR: Bustadbygginga går ned også i Møre og Romsdal. Illustransjonsfoto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nedturen har nådd Møre og Romsdal

Nedgang i bustadbygginga.

15.08.2023

Møre og Romsdal er ikkje lenger eit unntak i bustadbyggingstatistikken.

I andre kvartal i år vart det starta bygging av i alt 185 bustadar i fylket, ein nedgang på 34 prosent samanlikna med 2. kvartal 2022, viser statistikken bransjeorganisasjonen Boligprodusentenes Forening la fram i dag.

Inntil no har bustadsbransjen hatt godt med arbeid. Salet av nye bustadar har imidlertid krympa samanlikna med same periodar i fjor, og no slår det ut i at det at det blir starta bygging av færre bustadar også i Møre og Romsdal.

Det er i andre kvartal omslaget kom. I første kvartal var aktiviteten høg. I årets seks første månadar vart det starta bygging av 402 bustadar, ned to prosent samanlikna med 1. halvår 2022.

På landsbasis er nedgangen i kor mange bustadar det vart starta bygging av 64 prosent i andre kvartal i år samanlikna med 2. kvartal i år.

Ikkje nok påfyll
Bustadbyggebransjen i Møre og Romsdal kan ikkje vente påfyll av nye oppdrag som vil snu trenden med det første.

I 2. kvartal vart det seld 190 nye bustadar i fylket, ned 35 prosent sidan 2. kvartal 2022. I første halvår vart det seld 349 bustadar, ned 33 prosent. I siste tolvmånadarsperiode er tala 718 bustadar, ned 24 prosent samanlikna med førre 12-månadarsperiode.

Første halvår 2023 er det svakaste første halvår vi har målt på sal og igangsetting av nye bustadar. No blir det bygd alt for få bustadar, seier administrerande direktør i Boligprodusentene, Lars Jacob Hiim i ei pressemelding.

No blir kapasiteten i bransjen redusert og det vil ta lang tid å bygge den opp igjen, meiner organisasjonen.

Publisert: 15.08.2023 14:37

Sist oppdatert: 15.08.2023 14:37