Marit Veland Medietilsynet
NEI TIL NETT NO ETTER NY BEHANDLING: Leiar for Medietilsynet, Mari Velsand. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Nei til NETT NO

Medietilsynet vil ikkje gi pressestøtte.

16.06.2021

Medietilsynet står på sitt opphavlege vedtak, og avslår å gi produksjonsstøtte, også kalla pressestøtte, til Bakkar og Berg Media as for året 2018. Bakkar og Berg Media gir ut NETT NO.

Medietilsynet avslo den opphavlege søknaden, mellom anna fordi Høgskulen i Volda i ein innhaldsanalyse konkluderte med at NETT NO hadde ei temamessig for smal dekning.

Bakkar og Berg klaga på avslaget. Medieklagenemnda kom til at Medietilsynet hadde grunnlag til å vurdere å gi dispensasjon for forskrifta om produksjonstilskot.

Det betydde at Medietilsynet måtte behandle søknaden på ny. Også den nye behandlinga konkluderte med avslag.

– Medietilsynet har vurdert saka på nytt etter vedtaket i Medieklagenemnda, men er kommen fram til at Nett.no ikkje får dispensasjon etter nokon av dei to alternativa i forskrifta, seier Medietilsynsleiar Mari Velsand i ei melding frå Medietilsynet.

Medietilsynet har vurdert at den økonomiske situasjonen til Nett.no i 2018, som er året søknaden skal vurderast ut frå, var berekraftig. I tillegg har Medietilsynet komme til at sjølv om avisa konkurrerer med Sunnmørsposten på nokre temaområde på «utgivarstaden», meiner tilsynet at dette ikkje er nok for å oppfylle vilkåret i dispensasjonsregelen om å halde ved lag konkurransen på «utgivarstaden», heiter det i meldinga.

Les meldinga frå Medietilsynet her

Publisert: 16.06.2021 14:00

Sist oppdatert: 17.06.2021 12:35