Jo Stian Tverberg Austad foto Ogne
OPPSVING: Jo Stian Tverberg i Aurstad-konsernet fekk eit solid oippsving i 2021. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nesten dobla inntektene i fjor

Hadde 90 i arbeid i Aurstad-konsernet i 2021 - og ligg like godt an i år.

21.06.2022

- Fjoråret var eit godt år for oss i fjor, med god aktivitet. Alle tilsette har vore i arbeid og alt utstyr i drift, seier dagleg leiar Jo Stian Tverberg i Aurstad-konsernet.

Entreprenørselskapet i Hovdebygda i Ørsta auka driftsinntektene frå 170 til 309 millionar kroner frå 2020 til 2021.

Så langt i år ligg 2022 an til å ende med like høge driftsinntekter og same lønsemd som i fjor, seier Tverberg.

Tøffare tider
Tverberg spår ei lønsemd omlag som i fjor trass i ein markert kostnadsauke på drivstoff og andre innsatsvarer, i tillegg til at det er krevande å få aksept hos kundane om at prisane på oppdraga må tilsvarande opp.

Ein del inngåtte kontraktar er fastprisavtale, og for ein del som har avtalt prisregulering er prisreguleringsmekanismane slik at dei ikkje fullt ut fangar opp den kraftige prisauken i drivstoffprisane, seier Tverberg.

Frå Salten til Bergen
Aurstad-konsernet har oppdrag for Salten i nord til ned mot Bergen i sør. Ein del kontaktar strekkjer seg inn i 2023, og selskapet arbeider no med å fylle opp ordreboka for resten av neste år.

Aurstad as er morselskapet i Aurstad-konsernet der Aurstad Tunell er det største driftsselskapet. Konsernet er eigd av Cato Aurstad og Kjell Arne Aurstad.

I 2018 var det dåverande største selskapet i konsernet K. A. Aurstad slått konkurs, etter store tap spesielt på ei kontrakt.

Aurstad as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt309,4170,0
Driftsresultat18,54,4
Resultat før skatt17,43,3

Publisert: 21.06.2022 15:51

Sist oppdatert: 21.06.2022 16:12

Mer om