Nesten dobla utbytte
1,7 milliardar kroner til eignekapitalbeviseigarane i Sparebank 1 SMN. Stifting på Søre Sunnmøre får mest.
For Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre betyr utbytteframlegget 155 millionar kroner inn i kassa.
Stiftinga blei oppretta som ein del av avtalen då Sparebank 1 Søre Sunnmøre blei slått saman med Sparebank 1 SMN i fjor. Stiftinga er største eigar i banken, med ein eigarandel på 8,99 prosent av eigenkapitalbevisa.
Stiftinga skal mellom anna dele ut midlar til almennnyttige formål i tidlegare Sparebank 1 Søre Sunnmøre sitt område.
Pengar til hjerneforsking
Etter 2022 delte Sparebank 1 SMN ut 6,50 kroner per eigenkapitalbevis. Etter 2023 er framlegget å dele ut 12 kroner per eigenkapitalbevis. Det går fram av rekneskapsrapporten per 4. kvartal, som blei lagt fram i torsdag.
Banken er dels sjølveigande, dels eigd av eigenkapitalbeviseigarane. Det såkalla samfunnsutbyttet, som er utbyttet tll bankens sjølveigande del, blir foreslått til 860 millionar kroner, opp frå 474 etter 2022.
Samfunnsutbyttet blir sett av til utdeling til samfunnsnyttige formål . Banken vil gi 50 millionar frå den avsetninga til Kavli-instituttet i Trondheim, der May-Britt og Edvard Moser har bygd opp eit verdsleiande miljø for hjerneforsking.
Små tap, låg risiko
Trass i at høgare rente og prisvekst har skapt uvisse innan næringseigdom, bygg og anlegg og varehandel, er risikobildet for banken sine utlån til næringslivet tilfredsstillande, skriv banken i rapporten.
Talet på konkursar aukar, men er framleis lågare enn før koronapandemien. Deler av næringslivet går godt og banken har ikkje auka misleghald i utlån til næringslivet.
Sparebank 1 SMN | ||
Per 4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekt | 7515 | 5760 |
Resultat før tap | 4498 | 3324 |
Resultat før skatt | 4484 | 3324 |
Sparebank 1 SMN | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2023 | 2022 |
Inntekt | 2382 | 1597 |
Resultat før tap | 1517 | 951 |
Resultat før skatt | 1496 | 932 |
Publisert: 08.02.2024 08:12
Sist oppdatert: 08.02.2024 10:46