Slutt for Sparebank1 Søre Sunnmøre
Er ein del av Sparebank1 SMN frå og med i dag.
Samanslåinga av Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmølre er registrert i Foretakregisteret frå og med i dag, melder Sparebank1 SMN i ei børsmelding.
Sommaren 2022 varsla dei to bankane at styra tilrådde samanslåing, med Sparebank1 SMN som overtakande bank.
Dei formelle forhandlingane enda med ja til samanslåinga i dei øverste organa begge bankane, og no er samanslåinga eit faktum.
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre, som er oppretta som ein del av avtalen, er også registrert i foretaksregisterert.
Stiftinga får 12.971.224 eigenkapitalbevis i Sparebank1 SMN som ein del av avtalen. Det utgjer 8,99 prosent eigarandel i Sparebank1 SMN. Stiftinga skal mellom anna dele ut midlar til almennnyttige formål i tidlegare Sparebank1 Søre Sunnmøre sitt område.
Les også
Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Søre Sunnmøre har vedtatt å slå seg saman.
Styra i Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 SMN seier ja til samanslåing.
Intensjonsavtale om samanslåing mellom Sparebank1 SMN og Sparebank1 Søre Sunnmøre.
Publisert: 02.05.2023 08:11
Sist oppdatert: 02.05.2023 08:13