Formfinmøble Geir Ove Vegsund foto Formfin
BETRING I ÅR: Så langt i år er inntektene 15 prosent høgare enn i fjor, seier Formfin Møblesjef Geir Over Vegsund (innfelt). Foto: Formfin Møbler
Nytt

Nesten halvert inntekt for Formfin

Inntekta stupte i fjor etter boomen i korona-åra. No er det auke igjen.

18.06.2024

– Eit krevande år. Det blir tap, sa dagleg leiar Geir Ove Vegsund om 2023 til Nett No like før jul i fjor.

No er rekneskapen klar. Den viser underskot før skatt for andre år på rad (sjå tabell) for møbleprodusenten i Hundeidvika i Sykkylven.

I 2021 kunne selskapet nyte godt av ein etterspørselseboom under koronapandemien, då folk måtte avgrense reiseverksemda si og blant anna brukte pengar på oppussing og møblar i staden. Då hadde Formfin Møbler 66 millionar kroner i driftsinntekt og 3,3 millionar kroner i overskot før skatt. Samanlikna med 2021 var inntektene nesten halvert i fjor.

Henta pengar
I mars henta selskapet inn tre millionar kroner i ny eigenkapital og fekk samstundes gjort om ei gjeld på ein halv million kroner til aksjar, slik at eigenkapitalen vart styrkt med 3,5 millionar kroner.

Investeringsselskapet Råna Invest i Sykkylven er største eigar og var med på kapitalutvidinga. Det har også Geir Ove Vegsund og to andre i leiargruppa i selskapet.

I tillegg til etablerte aksjonær har to andre selskap i Sykkylven gått inn med pengar, PC Support Eiendom og Handelsservice.

Overtid i mai
I fjor var dei tilsette delvis permitterte, men frå august 2023 var alle dei omlag 35 tilsette i arbeid, og har vore det sidan.

Så langt i år er inntektene til Formfim Møbler omlag 15 prosent over same periode i 2023. Selskapet ventar at også haustn blir betre enn i fjor, ifølgje dagleg leiar Geir Ove Vegsund.

Også lønsemda betrar seg, takka vere inntektsvekst kombinert med kostnadskutt.

- Vi styrer mot balanse i år, seier Vegsund.

Formfin Møbler as
Tak i mill. kroner20232022
Driftsinntekt37,049,6
Driftsresultat-4,4-2,6
Resultat før skatt-5,0-3,0

Publisert: 18.06.2024 08:30

Sist oppdatert: 18.06.2024 09:00

Mer om