Ny kapital til Formfin
To nye investorar inn som medeigarar.
Torsdag 21. mars hadde Formfin Møbler fått på plass kapitalutvidinga selskapet byrja å arbeid med i fjor.
No er møbelprodusenten i Hundeidvika i Sykkylven tilført 3,5 millionar kroner i ny eigenkapital, fortel dagleg leiar og medeigar Geir Ove Vegsund. Hovudpoenget med kapitalutvidinga er å finansiere satsing i eksportmarknaden.
Investeringsselskapet Råna Invest i Sykkylven er største eigar og var med på kapitalutvidinga. Det har også Geir Ove Vegsund og to andre i leiargruppa i selskapet.
Nye medeigarar
I tillegg til etablerte aksjonær har to andre selskap i Sykkylven gått inn med pengar, PC Support Eiendom og Handelsservice.
PC Support Eiendom er eigd 50/50 av Roger Andrè Welle og Ståle Bjørn Welle, gjennom eigne selskap. Dei er og eigarar av it-selskapet PC Support i Sykkylven.
Handelsservice i Sykkylven er agent for Formfin og driv og andre agentur og leverer innreingsløysingar, frå garderobene til fotballklubben Aafk til innreiingane i hotell, restaurant og kulturbygg. Selskapet hadde 36 millionar kroner i driftsinntekt i 2022 og eit resultat før skatt på 5,2 millioner kroner. Hovudaksjonærar er Øyvind Hunnes og Jo Sagli.
Minusår
2023 blei eit tøft år for Formfin. Deler at arbeidsstokken var permittert, men frå august i fjor har alle dei omlag 35 tilsette vore i arbeid.
– Eit krevande år. Det blir tap, sa Vegsund om 2023 til NETT NO like før jul 2023.
I tillegg til dei som var med på kapitalutvidinga er også Olav Utgård, Harald Lidvar Bueide og Steinar Magne Myrseth medeigarar i Formfin Møbler gjennom selskapet Stol & Møbelfabrikken Formfin.
Publisert: 03.04.2024 09:13
Sist oppdatert: 03.04.2024 09:23