Nesten i mål med kronerulling
Treng knappe to millionar for å finansiere første runde i retten mot staten om formuesskatten.
- Vi er der straks, seier Geir Høydalsvik om status for pengeinnsamlinga som skal vere med og betale for søksmål og rettssak.
Det er eigedomsinvestor Lars Oscar Fossen i Ørsta som vil saksøkje staten, for å bli kvitt skattlegging av såkalla arbeidande kapital, som utgjer ein stor del av formuesskatten.
Jussprofessor Mads Andenæs har sagt ja til å føre saka, og skal samarbeide med Carl Baudenbacher, kjent for arbeidet sitt med EØS og EU-rett.
Rettsak i Ålesund
Målet er at saka blir ført i tingretten i Ålesund, seier Høydalsvik, som er ein av hjelparane til Fossen.
I utgangspunktet hadde dei reist ein million kroner for å finansiere søksmålet, og starta tidlegare i år ei kronerulling for å få inn ytterlegare 790.000 kroner. Så langt står det att 300.000 kroner før dei har nådd målet, seier Høydalsvik.
Skattedebatt
Høydalsvik er dagleg leiar i Rekneskapshuset. I dag var han ein av innleiarane til debatt om formuesskatten på Næringskonferansen Søre Sunnmøre.
Høydalsvik kallar formuesskatten diskriminerande fordi den berre gjeld norske borgarar.
- På denne måten diskriminerer staten sine eigne innbyggjarar i ein negativ spiral der norske eigarar er dømt til å tap, sa han i innlegget sitt på konferansen.
Publisert: 21.03.2024 14:52
Sist oppdatert: 21.03.2024 23:09