Nesvik støttar kampen for yrkesfaga
- Vi bør ta av oss hatten for slike initiativ, seier fiskeriminister Harald Tom Nesvik til utspelet frå sju bedrifter om å støtte vidaregåande skule økonomisk.
Fleire bedrifter, skuleelevar og fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik møttast fredag i lokala til MMC First Process på Digernesskiftet til felles sak for yrkesutdanninga på vidaregåande.
Fleire yrkeslinjer står i fare for å bli utsett for store kutt for at fylkeskommunen skal få økonomien til å gå opp.
MMC First Process har sagt seg villige til å gi pengestøtte til linja for kulde- og varmepumpeteknologi ved Haram vidaregåande skule, og oppmoda andre bedrifter om å gjere det same.
– Her ser vi eit næringsliv som seier at dette er så viktig at dei vil vere med å bidra økonomisk for å få det til. Det bør vi ta av oss hatten for, seier Nesvik til NETT NO.
Samla kuldebedrifter
Linja er avgjerande for rekrutteringa til bedrifta - og fleire av konkurrentane.
– I dag har vi samla ei brei kuldenæring – som ønskjer å stille seg bak tilbodet om hjelp, seier administrerande direktør Petter Leon Fauske MMC First Process til NETT NO.
Seks andre bedrifter har stilt seg bak initiativet om å bidra med støtte. Desse er: Øyangen, Teknotherm Marine, Johnson Control, Multi Kulde Vest-Ålesund, Frionordica og Tempra. Dei fleste hadde møtt opp på MMC First Process fredag.
– Vi som næringsliv skal engasjere oss slik at desse unge kan få seg arbeid. No når fylkesadministrasjonen har foreslått kutt har vi sagt at vi kan bidra, legg Fauske til.
– Bør vi ta av oss hatten
Utspelet får full støtte frå statsråd Nesvik, som ikkje ser nokon motførestillingar mot slike private bidrag til den offentlege skulen.
– Om politikarane ikkje sørger for å gi dette tilbodet, slik at næringslivet får kompetansen og folka dei har behov for, så må man spele på lag. Men dette er ei reserveløysing og eit bidrag for å hjelpe til, og det viser kor viktig det er, seier Nesvik.
Statsråden påpeiker samtidig at det er fylkespolitikarane i Møre og Romsdal som skal prioriere mellom dei ulike tiltaka som er foreslått.
– Det viktigaste er at ein viser eit engasjement ovanfor desse ungdomane om at dei er ønska, la han til.
Vesentleg for verdiskaping
Nesvik påpeiker at nett denne utdanninga innan kuldeteknikk er vesentleg for at fiskeri- og sjømatnæringa skal lukkast med auka verdiskaping.
– Utan dette vil vi ikkje ha fagfolka som skal til for at vi skal få foredla fisken og få fram dei innovative ideane, seier Nesvik.
– Vi sett pris på at han involverer seg og ser verdien av denne typen spesialkompetanse for næringslivet i regionen, seier Petter Leon Fauske om oppmøtet til Nesvik.
Fleire lærlingar og elevar som jobbar hos utstyrsprodusenten deltok også på dagens seanse.
Les meir om saka: – Behov for ei prinsipiell drøfting
Vil bidra med støtte til yrkeslinje
Vil skjerme yrkesfag – ungdomspanel foreslår skulenedlegging
Publisert: 15.11.2019 23:54
Sist oppdatert: 18.02.2022 14:00