NETT NO-magasinet 2024 er ute
«Eit nytt Nordvestland», heiter det i årets magasin som tek for seg framveksten av tenesteytande næringar.
Ålesund og resten av Nordvestlandet er vesentleg forandra. Og endringane har skote fart i løpet av dei siste 15 åra.
Det skriv vi om i den tolvte årgangen av Nett No-magasinet. Dei fleste vil truleg meine det er endringar til det betre.
- Årets magasin er ute og kjem i posten til fleire tusen bedrifter på Nordvestlandet. Det blir også lagt ut på plassar der folk møtast.
Du kan lese magasinet digitalt her
Eit godt restauranttilbod er eit trekkplaster næringslivet brukar for å rekruttere og halde på folk. Det er grunnen til at ei rekke bedrifter i Måløy er medeigarar i den eine restauranten, samtidig som dei også er flittige brukarar av den andre.
Tilbodet gir meirverdi utover løn til dei tilsette og overskot for eigarane. Heile Måløy blir meir attraktivt. Det handlar den første reportasjen i dette magasinet om.
Då Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård starta Momentium og arrangerte den første Jugendfestivalen i Ålesund i 2008, var det starten på ei lang rekke satsingar som utvida kultur- og underhaldningstilbodet i byen. Det gav byen fleire restaurantar og serveringsstadar.
Og aktiviteten skapte aktivitet – og rom for andre.
– Etter at Momentium starta opp, fekk vi ein ungdomskultur byen ikkje hadde før. Den var ekstremt viktig for oss, seier kultursjef Oskar Skulstad i Ålesund i reportasjen om Momentiumeffekten.
Det er ikkje berre på kultur-, restaurant- og underhaldningsfronten det har skjedd store endringar.
Fleire jobbar som du tidlegare typisk fann få av utanom dei store byane, er det blitt fleire av her.
For eksempel har Ålesund no over 90 advokatar. Byen trekker til seg studentar som ikkje har noka tilknyting til regionen og aldri har vore her før. Dei finn advokatmiljøet så attraktivt at dei gjerne vil prøve seg som trainee på advokatkontora i byen.
Jostein Dahl Gjelsvik og Stefan Olsen i Up & Away Digital er eitt døme på ei tenesteytande næring i vekst. Dei driv i kryssingspunktet mellom it- og reklamebransjen, starta midt i koronatida og har i dag fem på løningslista.
Adrian Dalen er eit anna døme. Han er animatør og fann eit miljø for einmannsselskapet sitt i arbeidsfellesskapet Rebellhuset då han flytta frå Oslo til Ålesund.
Talet på tilsette i selskap på Nordvestlandet som driv med det som blir kalla forretningsmessig tenesteyting, mellom dei rådgivarar i Gagn og Comverto, har auka med 50 prosent sidan 2008.
Kan hende 2023 blir eit år med større ulikskap mellom dei ulike bransjane, sjølv om lønsemda samla sett blir like god som i 2022 skreiv vi i Nett No-magasinet 2023. Det slo til. Samla sett går det bra for maritim bransje, som er tilbake mot gamle høgder, medan andre har fått merke at renta har stige, og at det meste har blitt dyrare.
Vi håpar at magasinet fell i smak. God lesing!
Ogne Øyehaug, Marius Rosbach og Karoline Prytz Berset
Publisert: 20.11.2024 10:14
Sist oppdatert: 22.11.2024 00:24