Kurt Hugo Blindheim Leba foto Øyblikk
SMART STRATEGI: Garderobeprodusenten satsa på direktesal og netthandel. Eit lukketreff, seier Leba-sjef Kurt Hugo Blindheim til Dagens Næringsliv.Foto: Øyvind Snorre Magelssen Godø/Øyblikk
Nytt

Nettsatsing gav rakettvekst

Garderobeprodusenten Leba i Giske meir enn dobla salet på to år.

25.11.2021

No er Leba plukka ut til å vere med i Dagens Næringslivs årlege Gaselle-konkurranse, der avisa dreg fram lønsame vekstbedrifter.

Leba har hatt ein aksellerande vekst dei siste åra, frå 9,6 millionar kroner i driftsinntekter i 2016 til 33,3 millionar kroner i 2020 og har hatt overskot sidan starten.

Tok grep
Dagens Næringsliv har oppretta ein ny kategori i årets Gaselle-konkurranse, for bedrifter som har tatt smarte strategiske grep og fått vekst i belønning. Det er denne kategorien Leba kjem inn under.

Då selskapet merka at det vart vansklegar å få innpass hos dei store byggvarekjedene la den om til å selje direkte til kundane, via nettet.

– Den nye strategien blei rett og slett eit lykketreff, seier dagleg leiar og eigar Kurt Hugo Blindheim til avisa.

Teiknar og levere
Leba både teiknar og kan få montert garderobeinnreiingane til kundane, men kontakten med selskapet og handelen skjer på nettet.

Koronaepidemien gjorde netthandel dagledags, seier Blindheim til avisa.

Publisert: 25.11.2021 16:12

Sist oppdatert: 25.11.2021 16:17

Mer om