- Eg synst det er kjekt å drive, her er masse interessante folk innom og her er både Jørgen Hattemaker og kong Salomo like velkomne.
Bedrifta vart starta av Niels Lied 13. mars i 1933.
- Dette var faktisk ein fredag den trettande, seier Frank Lied.
- Vi har ingen planar om å gi oss.
Etterpå tok sonen Harald Lied over, og sidan midt på 90-talet har Frank Lied vore eigar og dagleg leiar.
- Far er pensjonist, men arbeider her enno. Alle dei tre døtrene mine har også arbeidd her sidan dei var 13-14 år gamle, og det hadde aldri gått om ikkje heile familien stilte opp, seier Frank Lied.
Han legg ikkje skjul på at det har vore ein del tøffe år, men det har aldri vore snakk om å avvikle drifta.
- No ser vi framover, og vil straks oppgradere spelavdelinga.
- Det siste har vore viktig for oss.
Selskapet har ikkje gjeld, og eig sjølv lokala på Lied-hjørnet i Fosnavåg sentrum.
- Det hadde vore vanskeleg å drive om vi skulle betalt store summar i husleige.
I fjor hadde selskapet eit bra år, med ei omsetning på 2,8 millionar kroner og eit resultat før skatt på 0,1 millionar.
- Bygginga av hotell, konserthus og badeland har vore viktig for oss.
- Dette har vore enormt viktig for handelen i Fosnavåg, og vi opplever at det kjem stadig nye kundar innom.
Bedrifta vart starta av Niels Lied 13. mars i 1933.
- Dette var faktisk ein fredag den trettande, seier Frank Lied.
Eldst i Fosnavåg
Med sine 83 år er NH Lied eldste butikken i Fosnavåg.- Vi har ingen planar om å gi oss.
Etterpå tok sonen Harald Lied over, og sidan midt på 90-talet har Frank Lied vore eigar og dagleg leiar.
- Far er pensjonist, men arbeider her enno. Alle dei tre døtrene mine har også arbeidd her sidan dei var 13-14 år gamle, og det hadde aldri gått om ikkje heile familien stilte opp, seier Frank Lied.
Han legg ikkje skjul på at det har vore ein del tøffe år, men det har aldri vore snakk om å avvikle drifta.
- No ser vi framover, og vil straks oppgradere spelavdelinga.
Parfymeriavdeling
Bedrifta er ein del av Mix-kjeda, men har i tillegg eiga parfymeriavdeling.- Det siste har vore viktig for oss.
Selskapet har ikkje gjeld, og eig sjølv lokala på Lied-hjørnet i Fosnavåg sentrum.
- Det hadde vore vanskeleg å drive om vi skulle betalt store summar i husleige.
I fjor hadde selskapet eit bra år, med ei omsetning på 2,8 millionar kroner og eit resultat før skatt på 0,1 millionar.
Ny aktivitet
Også i år ser det ut til å kunne gå med overskot.- Bygginga av hotell, konserthus og badeland har vore viktig for oss.
- Dette har vore enormt viktig for handelen i Fosnavåg, og vi opplever at det kjem stadig nye kundar innom.
Bygginga av hotell, konserthus og badeland har vore viktig for oss
Publisert: 29.04.2016 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:56