Volt Processor dap mai 18 Even T Remoy nr 2 f h
OMSTILLINGSÅR: Herøy-reiarlaget Remøy Volt Group hadde eit år med ekstraordinære kostnader i fjor. I år ventar reiarsjef Even T. Remøy (nr. 2 f.h.) langt betre resultat. Arkivfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Minus i fjor – trur det blir «betydeleg betre» i år

Omstillingsår for Herøy-reiarlag i fjor. Neste år treng dei 50-60 nye sjøfolk til kabelskip.

Marius Rosbach
08.07.2025

I 2024 fekk Remøy Management Gruppen ein felles selskapsstruktur som Remøy Volt-konsernet. 

Det ga store ekstraordinære kostnader som var medverkande til at konsernresultatet hamna på minussida i fjorårets rekneskap, fortel reiarsjef Even T. Remøy til Nett No. 

Omsetninga steig frå kring 417 millionar til 479 millionar kroner for konsernet samla. Resultat før skatt enda på 40 millionar kroner i minus. 

(sjå tabell under)

Remøy Volt Group (konsern)  
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt479417
Driftsresultat42,5308
Resultat før skatt-40,5240

Fleire ekstraordinære kostnader
Konsernet har óg bokført avskriving av goodwill på 49 millionar kroner etter sal av 25 prosent av aksjane til det internasjonale fondet Crestline. Dei kom inn på eigarsida i fjor, saman med dei tidlegare eigarane. 

I tillegg gjennomførte selskapet 15-årsklassing av to kystvaktskip og gjorde grep som forlengjer levetida til skipa. Det skjer etter at forsvaret erklærte opsjonar på vidare leige av skipa minst fram til 2029/2030.

– Klassingane og levetidsforlenginga er ført som driftskostnad og svekkjer derfor resultatet stort for 2024, fortel Remøy. 

Konsernrekneskapen for 2024 blei først omtalt av Vestlandsnytt.

Ventar «betydeleg betre resultat» i år
Reiarlaget kom frå eit år med kjempeoverskot i 2023, og i år er det meir «business as usual». Då ser lønnsemda også langt lysare ut.

– Det er venta eit betydeleg betre resultat for 2025 då det ikkje er større klassingar eller andre vesentlege forhold utover normal operasjon for alle fartøya til selskapet og konsernet, fortel Remøy. 

I dag har reiarkonsernet til saman ni skip i flåten og har rundt 330 personar i arbeid, der om lag halvparten er eigne tilsette, og resten er leig inn frå crewingselskap. 

– Treng mellom 50 og 60 nye sjøfolk
Verksemda består i hovudsak av tre delar – drift av båtar til oppdrettsnæringa, drift av kystvaktskipa og management-verksemda. 

Remøy Volt har mellom anna ansvaret for drifta av det store kabelskipet NKT Victoria – som snart får eit systerskip i NKT Eleonora. 

Herøy-konsernet har byggetilsyn med milliardskipet som Vard har under bygging. Når fartøyet er klart mot slutten av neste år, vil reiarlaget har behov for nye tilsette. 

– Skipet gjer at vi treng mellom 50 og 60 nye sjøfolk, fortel Remøy. 

Ny avtale for marineskip 
Volt-flåten som arbeidar for oppdrettsnæringa utgjer i dag fire skip. 

I tillegg eig og driftar konsernet kystvaktskipa KV Sortland, KV Bergen og KV Barentshav. Det er desse skipa som har fått forlenga avtaler med forsvaret fram til 2030.

Den førre avtalen for KNM Olav Tryggvason vart avslutta, men marineskipet er sikra ein ny avtale med kystvakta framover, ifølgje Remøy. 

Konsernet hadde ein eigenkapital på dryge milliarden ved utløpet av fjoråret, og den langsiktige gjelda var på litt over 900 millionar kroner. 

Publisert: 08.07.2025 09:47

Sist oppdatert: 08.07.2025 09:50

Mer om