NPK: Turistnæringa har utarbeidd bransjerettleiar i samarbeid med Folkehelseinstituttet.
– Nordmenn har vore flinke til å følgje rådet frå styresmaktene. Det har gått fantastisk bra i juli. Mange plassar har det vore heilt fullt utan auka smitte.
- No må vi sørgje for at europearane oppfører seg like fint når dei kjem hit, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til Stavanger Aftenblad.
Frå 15. juli kan fleire Schengen- og EØS-land reise inn i Noreg. I hovudsak er det turistar frå Tyskland og Storbritannia som no er venta til landet. NHO og reiselivsnæringa håpar no at dei utanlandske turistane skal redde turistsesongen etter fellesferien.
Det er utarbeidd informasjonsmateriell til turistane om smittevernråda og kva dei skal gjere om dei får mistanke om covid-19. Målet er å oppdage, spore og stoppe eventuell smitte som kjem med fleire reisande, fortel overlege Siri Feruglio i Folkehelseinstituttet til Aftenbladet.
Smittevernreglane er dei same for nordmenn og utanlandske turistar, og det er òg gratis for turistar å teste seg for smitte om ein får symptom.

Publisert: 15.07.2020 17:04
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59