NHO Kvar sjuande bedrift slit framleis tungt
Sjeføkonom Øystein Dørum i NHO er ikkje overraska over at mange bedrifter framleis seier at dei slit. 
Nytt

NHO: Kvar sjuande bedrift slit framleis tungt

Kvar sjuande bedrift seier at dei har hatt eit omsetningstap på meir enn 50 prosent dei siste fire vekene, ifølgje NHOs medlemsundersøking.

07.01.2021
NPK-NTB: Det svarer til 14 prosent av dei som har svart på undersøkinga. Talet er omtrent uendra frå desember.
14 prosent fryktar òg konkurs, medan 16 prosent seier at dei har betalingsvanskar.
– Den mest vesentlege forskjellen er at det har gått endå éin månad med seigpining. Søndagens skjenkestopp legg ytterlegare stein til byrda for mange av dei, seier NHOs sjeføkonom Øystein Dørum i ei pressemelding.
Medlemsundersøkjing er ei mindre oppdatering av ein tilsvarande undersøkjing som NHO gjorde i november.

29 prosent av bedriftene oppgir at dei har permittert tilsette. Det er ein auke på 3 prosentpoeng frå november. Samtidig seier 33 prosent av bedriftene at dei vil permittere – ein auke på 4 prosentpoeng frå november. Dørum meiner årsaka kan vere smitteverntiltaka som har komme etter den førre undersøkinga.
Han understrekar likevel at undersøkinga ikkje er fullstendig utan lyspunkt.
– Det eine er at delen som opplyser om uendra omsetning er den høgaste sidan mars, som samsvarer med ei generell betring i norsk økonomi. Det andre er at delen som planlegg oppseiingar held fram med å falle, seier sjeføkonomen.
I alt har 3.624 bedrifter svart på undersøkinga. Det svarer til 22 prosent av medlemsbedriftene som har vorte spurde. Undersøkinga vart gjennomført mellom måndag og onsdag denne veka.

Publisert: 07.01.2021 14:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:11