Nye næringsdrivande har dukka opp på løpande band på Digernes dei siste åra. No er også ein ny type arbeidsplassar på veg inn.
Denne veka var det kranselag for bygget til MMC First Process på Digernesskiftet som skal vere klart for innflytting til hausten.
– I starten vert vi kring 60 tilsette her, men vi har god plass til å vekse. Her vil det jobbe ulike type ingeniørar, teknikarar og mekanikarar i eit stort teknologisk miljø som leverer superavanserte løysingar, fortel administrerande direktør Petter Leon Fauske til NETT NO.

– Betre rekruttering
Bedrifta leverer fabrikksystem for handtering av fisk både på land og til sjøs. Dei har i dag avdelingar på Mjølstadneset i Herøy, ei kuldeavdeling på Vigra og prosessavdeling på Sjøholt i Ørskog, i tillegg til ei underavdeling i Haugesund.
Mjølstadneset skal bestå – men bedrifta planlegg å flytte frå Sjøholt og Vigra når bygget i Skodje står klart. Fauske er ikkje i tvil om at det var rett å flytte til Digerneset.
– I en radius av 100 kilometer bur det nærare 300.000 personar. Vi er avhengige av å rekruttere gode folk og då er denne plasseringa ideell. Det gir oss ei rekrutteringsflate som er heilt utruleg, seier han.
Fauske påpeiker at dei er i ein fase med nyrekruttering og «konstant på utkikk etter flinke folk».

Investering på nær 100 millionar
Fauske er godt nøgd med jobben Wenaas Kapital har gjort med å legge til rette for bygget som er teikna av Sporstøl Arkitekter og vert bygd av entreprenørselskapet Ronny Tennfjord.
– Etter at vi gjekk i dialog med Wenaas vart vi raskt overtydd om at dette var den rette strategiske plassen, seier han.
Investeringa kjem på nærare 100 millionar, men MCC First Process skal leige bygget som vert eigd av Wenaas Kapital: – For oss utgjer ikkje dette auka utgifter, seier Fauske.

Vil jobbe meir tverrfagleg
Til samen er selskapet kring 150 tilsette. På Digernes får dei 2200 kvadratmeter med produksjonslokale og litt mindre til kontorplassar. Sjølv om dei først berre treng 40 kontorplassar, er det gjort plass til nærare 70 kontor.
Selskapet er eit resultat av ein fusjon mellom MMC frå Havyard og First Process. Fauske seier noko av grunnen for å flytte til nytt bygg, var eit ønskje om å jobbe tettare saman.
– Vi ser at vi står oss best på å vere saman. Vi vil spleise oss betre saman til eitt selskap og jobbe saman på store tverrfaglege prosjekt, fortel han.
Publisert: 01.03.2019 11:01
Sist oppdatert: 26.01.2022 11:12