Svenn Ove Lødemel og Aleksander Gyulev frå Vinduspussern er i gang med det historiske namneskiftet, der Rolls-Royce- skilta blir bytta ut med Kongsberg-skilt.
Mandag 1. april skiftar Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce eigar, og blir ein del av Kongsberg Gruppen, men omskiltinga startar i dag.
Arbeidet startar i Ulsteinvik, men skiltmontørane skal arbeide også på anlegga og kontora på Longva, i Brattvåg, Hjørungavåg og Ålesund i løpet av helga.
Etter at eigarskiftet er på plass startar ein omfattande informasjonsturne for Kongsbergleiinga, der dei skal møte tilsette over heile verda på i alt 56 ulike kontor og anlegg i Rolls-Royce sin marinedivisjon verda over.
Konsernsjef Geir Håøy startar sin del av turneen på Sunnmøre, der han skal innom alle anlegga og kontora til Rolls-Royce Marine i løpet av tysdag 2. april.
Inntil eigarskiftet har han ikkje hatt lov til å snakke med tilsette i i Rolls-Royce for å utdjupe korleis målet skal nåast.
Mandag 1. april skiftar Rolls-Royce Marine og resten av marinedivisjonen til Rolls-Royce eigar, og blir ein del av Kongsberg Gruppen, men omskiltinga startar i dag.
Arbeidet startar i Ulsteinvik, men skiltmontørane skal arbeide også på anlegga og kontora på Longva, i Brattvåg, Hjørungavåg og Ålesund i løpet av helga.
Etter at eigarskiftet er på plass startar ein omfattande informasjonsturne for Kongsbergleiinga, der dei skal møte tilsette over heile verda på i alt 56 ulike kontor og anlegg i Rolls-Royce sin marinedivisjon verda over.
Konsernsjef Geir Håøy startar sin del av turneen på Sunnmøre, der han skal innom alle anlegga og kontora til Rolls-Royce Marine i løpet av tysdag 2. april.
Halv milliard i gevinst
Då Håøy presenterte kjøpet av marinedivisjonen for investorar og analytikarar i juli i fjor sa han at Kongsberg Gruppen meiner den kan betre lønsemda i marinedivisjonen til Rolls-Royce med ein halv milliard kroner i året.Inntil eigarskiftet har han ikkje hatt lov til å snakke med tilsette i i Rolls-Royce for å utdjupe korleis målet skal nåast.
Publisert: 16.06.2020 10:53
Sist oppdatert: 02.07.2021 07:08