Molde-selskapet Nofence lagar klavar som sender lydvarsel og deretter svake elektriske støyt til husdyr som nærmar seg grenser som er trekt opp på eit digitalt kart. GPS-teknologi i klavane fortel både kvar dyra er, og varslar når dei nærmar seg grensene som er trekt opp.
Det byrja med geiter, og er utvikla vidare til å også kunne brukast på storfe. Fordelen er at bøndene slepp å sette opp og vedlikehalde fysisiske gjerde, og lett kan flytte grensene for kvar dyra kan opphalde seg. Hittil har Nofence seld 150.000 klavar til over 8000 kundar veda over, fortel Nofence i pressemeldinga om den siste kapitalutvidinga i selskapet.
Store investorar
Fleire større investeringsselskap er med på kapitalutvidinga på 350 millionar kroner, ifølgje ei pressemelding: European Circular Bioeconomy Fund (ECBF), franske Capagro, statseigde Nysnø Klimainvesteringer, canadiske Climate Innovation Capital, og europeiske Speedinvest.
I tillegg er fleire investorar som allereie er medeigarar med på kapitalutvidinga, blant de; Sandwater, Momentum og Ferd.
Den sist oppdateringa på databasen proff.no - som er frå før den siste kapitalutvidinga - viser at grunnleggar Oscar Hovde og familie eig 5,5 prosent av Nofence, gjennom selskapet Nofence Holding.
Eksport
Pengane frå kapitalutvidinga skal mellom anna finansiere auka satsing i utlandet.
"Kapitalinnhentingen gir Nofence muligheten til å akselerere ekspansjonen i nøkkelmarkeder, med Europa og USA som hovedsatsing", heiter det i pressemeldinga.
I fjor sto den norske marknaden for 70 prosent av inntektenen til konsernet (sjå resultattabell under), med Spania og Storbritannia som deit to største eksportmarknadane.
Inntektene til selskapet har blitt tre gangar større på to år, men utviklig og vekst har kosta. Nofence har hittil ikkje gått med overskot, men frå 2023 til 2024 betra selskapet lønsemda og snudde trenden med eit stadig aukande underskot.
| Nofence as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 181,3 | 120,2 |
| Driftsresultat | -45,0 | -70,0 |
| Resultat før skatt | -45,3 | -73,5 |
| Nofence as (konsern) | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | |
| Driftsinntekt | 202,0 | |
| Driftsresultat | -39,9 | |
| Resultat før skatt | -42,8 | |
| Nofence har ikkje konsernrekneskap før frå 2024 |
Publisert: 16.09.2025 10:13
Sist oppdatert: 16.09.2025 17:33






