Nogva kjoeper Molde bedrift
KJØPER: Kjell Norvoll i Nogva Motorfabrikk seier kjøpet av aksjemajoriteten i Heimdal Propulsion skal gi innpass i større marknadar.
Nytt

Nogva kjøper Molde-bedrift

Nogva Motorfabrikk kjøper 51 prosent av aksjane i Heimdal Propulsion i Molde.

04.09.2019
Heimdal Propulsion, med fem tilsette, lagar gir og propellanlegg akkurat som Nogva Motorfabrikk, berre større versjonar. Det er midt i blinken, meiner Nogvasjef Kjell Norvoll.
- Vi får ein konstellasjon med større gir og propellanlegg, seier Norvoll om grunngjeving for kjøpet.
Eigne gir og propellanlegg, saman med motorane Nogva Motorfabrikk forhandlar, er ein nøkkel til god sal- Kjøpet at av aksjemajoriteten i Heimdal Propulsion skal bidra til å utvide marknaden for selskapet, i følgje Norvoll.

Kan kjøpe meir

Partane har avtalt å ikkje offentleggjere kjøpesummen.
Heimdal Propulsion konstruerer og monterer anlegg, medan produksjon er sett ut til underleverandørar. Selskapet hadde 21 millinar kroner i driftsinntekter og eit overskot på 0,6 millionar kroner i fjor.
Kjøpsavtalen gir også Nogva Motorfabrikk ein opsjon på å kjøpe resten av aksjane. Før salet var Heimdal Propulsion heileigd av dagleg leiar Svein Tore Tande.

Oppdrett tel mest

I morgon står Kjell Norvoll og Svein Tore Tande på felles stand på oppdrettsmessa AquaNor i Trondheim.
Oppdrettsmarknaden, blant anna arbeidsbåtar, har blitt den viktigaste marknaden for Nogva Motorfabrikk og årsaka til veksten selskapet er inne i.

Publisert: 04.09.2019 09:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:12