Valldal Grønt er innkjøp- og distribusjonselskapet til frukt- og bærbøndene i Valldal. Hit blir avlingane levert og lagra før dei blir sendt vidare.
Eigarskapen er fordel på 792 aksjar, som er eigd av i alt 38 aksjonærar, der 20 av dei eig 10 aksjar eller færre.
No har to tøffe år, med tilsaman ein million kroner i underskot, gjort at selskapet gjekk ut av 2025 med ein negativ bokført eigenkapital på 261.980 kroner.
Ikkje stemning for kapitalutviding
I årsmeldinga for 2025 skriv styret at det vil be eigarane skyte inn meir eigenkapital, men det var det ikkje stemning for på generalforsamlinga til selskapet, ifølgje styreleiar Håkon Myklebust.
Han er sjølv jordbærbonde, og største aksjonær i Valldal Grønt, med 150 aksjar.
Selskapet skal i staden arbeide vidare med dei andre framlegga frå styret; å prøve å redusere løns- og transportkostandane i sesongen, selje eignedelar som ikkje er kritisk for drifta, og ha eit tett samarbeid med banken.
I tillegg håpar selskapet på gode avlingar.
"Styret finn av forutsetningane for vidare drift framleis er til stades, men ser at resultatet det komande året vil vere avgjerande for selskapet si framtid.", heiter det i årsemeldinga for 2025.

Færre aktive bønder
Det er jordbær som er det viktigaste produktet frå bøndene i Valldal. Myklebust seier det i dag er 10-12 aktive jordbæbønde att og at nokre tel på knappane om vidare drift.
Ei av utfordingane for Valldal Grønt er at volumet har gått ned, og at det vart forsterka av to dårlege sesongar på rad.
| Valldal Grønt as | ||
| Tal i mill. kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 16,2 | 15,8 |
| Driftsresultat | -0,1 | 0,1 |
| Resultat før skatt | -0,6 | -0,4 |
Publisert: 17.03.2026 12:19
Sist oppdatert: 17.03.2026 12:19






