Valldal Gront lager jordbaer foto Ogne
UÅR I FJOR: Inntektene til Valldal Grønt fall kraftig i fjor, som følgje av historisk dårlege avlingar. I år ser ting betre ut, fortel dagleg leiar Eirik Valdal. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

– Vi taklar ikkje fleire dårlege sesongar

Tap for Valldal Grønt etter historisk dårleg fjorår. I år ser det betre ut.

Marius Rosbach
27.05.2025

Fjoråret vart eit historisk dårleg år for bær og fruktdyrkarane i Valldal. Det synest at i rekneskapen til Valldal Grønt for 2024. 

Inntektene sank frå nær 22 millionar til knappe 16 millionar kroner. Samtidig snudde resultatet frå pluss til minus (sjå tabell under).

Dagleg leiar Eirik Valdal fortel til Nett No at kraftige kuleperioder gav mykje vinterskader på avlingane i fjor. I tillegg heldt jordbærsnutebilla fram med å vere ei plage som øydelegg for fruktbøndene. 

Valldal Grønt AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt15,821,7
Driftsresultat0,10,7
Resulta før skatt-0,40,1

Vurderer å hente meir kapital
Valldal Grønt har sidan slutten av 1990-talet teke imot, tilverka, distribuert og selt bær, frukt og grønsaker for produsentane i Valldal, Stordal og Norddal.

I årsmeldinga skriv styret at dei er bekymra for utviklinga og at det er teke fleire grep for å betre situasjonen. Samtidig vil dei vurdere å styrke eigenkapitalen. 

– Vi er berga for å i år, men vi taklar ikkje fleire dårlege sesongar etter kvarandre, seier Eirik Valdal. 

I dag er det 23 produsentar som leverer til Valldal Grønt. Det er på same nivå som det har vore dei siste åra, men Valdal fortel at arealet har gått noko ned. 

Mindre vinterskader i år
Årets sesong ser betydeleg betre ut når det gjeld vinterskader, men jordbærsnutebilla er framleis aktiv, påpeiker Valdal. 

– Vi har óg hatt ei kuldeperiode med frostnetter som kan forskyve sesongen, seier han. 

Kva tid dei første Valldal-bæra kjem i butikkane, er eit tilbakevendande spørsmål kvar sommar. Valldal Grønt-sjefen anslår at dei første «tunnelbæra» vil kome for sal ein gong mellom 10. og 15. juni. 

Har forsøkt støvsuging mot skadedyr
Grunna miljøomsyn er det dei siste åra blitt mindre bruk av plantevernmiddel - som mellom anna kan redusere talet på snutebiller. 

Valldal Grønt-sjefen fortel at bøndene per i dag, ikkje har noko gode alternativ for å takle skadedyra og at produsentane blir sett i ein skvis 

Éin produsent har forsøkt seg med å støvsuge bæra for skadedyra. 

Det er ei krevjande metode, men undersøkingar tyder på at det har hatt god effekt og gitt 25-30 prosent feire friske knoppar, samanlikna med ubehandla areal, ifølge tidsskriftet Frukt og Bær. 

Publisert: 27.05.2025 05:00

Sist oppdatert: 26.05.2025 23:39

Mer om