Metizoft Øyvid Sundgot og Gry cecilie Sydhagen foto Metiozoft 32d54dee98d9214bae8e2fa30768ddaf
NOMINERT: Dagleg leiar og grunnleggar Gry Cecilie Sydhagen i Metizoft er blant dei nominerte til EY-prisen, "Entrepreneur of the year". Øyvind Sundgot er salssjef i selskapet. Foto: Metizoft.
Nytt

Nominert til årets entreprenør-pris

Sju frå Nordvestlandet i landsdelfinale.

01.11.2023

Torsdag 16. november skal vinnarane av konsulent-selskapet EY sin landsdelsfinale på Nordvestlandet i konkurransen "Entrepreneur of the year" kårast.

Konkurransen kårar landets beste vekstskapar og leiarar frå i alt 36 bedrifter landet rundt er med i konkurransen. Den nasjonale finalen er i februrar neste år.

Sju leiarar for fem bedrifter på Nordveslandet er nominert; Gry Cecilie Furstand Sydhagen frå Metizoft, Petter Leon Fauske og Leif Gjelseth frå MMC First Process, Sigbjørn Sørli fra Måndalen Trevare, Stian Bang frå Parkly og Tore Hovland og Fredrik Friberg frå Sjømatkompaniet.

Publisert: 01.11.2023 16:05

Sist oppdatert: 01.11.2023 16:06