Nytt
Nor Seafoods-eigarar inn i oppdrett på land
Bodil Lynge og salgssjef Johan Oksholen i kvitfiskeksportøren Nor Seafoods i Ålesund investerer i oppdrettsanlegg på industriområde i Vågsøy.
16.12.2017
Selskapet OFS Måløy skal bygge eit oppdrettsanlegg på industriområdet i Barstadvika mellom Måløy og Raudeberg.
Går alt etter planen kan det kome fisk i anlegget alt hausten 2018.
No er etableringa av oppdrettsanlegget til godkjenning hos Sogn og Fjordane fylkeskommune, der det er sannsynleg med eit svar i løpet av første halvåer, i følgje sakshandsamar Frode Hovland.
Til skilnad frå oppdrett i sjøen, der det av miljøomsyn er sterke restriksjonar i utdelinga av nye konsesjonar, er det langt enklare å etablere seg på land.
På land er det først og fremst reknestykket til investorane som avgjer om det blir satsing, ikkje det statlege regelverket som regulerer mengda av oppdrettsfisk i sjøen.
Greipa og Noas Invest eigde til saman alle aksjane i Nor Seafoods inntil dei nyleg gjekk i kompaniskap med Holmøy Maritime i Sortland, som mellom anna eig 12 trålkonsesjonar.
Femte aksjonær i prosjektet er A.H. Holding i Andenes i Nordland.
Dei fem aksjonærane eig selskapet OFS Norge as saman. Der er Jon Ove Stokke dagleg leiar. OFS Norge eig i sin tur OFS Måløy as, som står for utbygginga. Stokke vil førebels ikkje kommenter kor stor investering det er snakk om, mellom anna fordi utbyggingstakta i prosjektet ikkje er avklart.
Fullt utbygd skal anlegget ha ein kapasitet på 15.000 tonn laks og kunne gi 50 arbeidsplassar i følgje kommunen.
Oppdrettsanlegget i Vågsøy blir ikkje det einaste landsbaserte oppdrettsanlegget med moderne teknologi.
På det gamle industriområdet Øra i Fredrikstad er Fredrikstad Seafood i gang med bygging av anlegg, men mål om å sette fisk i anlegget i slutten av 2018.
Går alt etter planen kan det kome fisk i anlegget alt hausten 2018.
No er etableringa av oppdrettsanlegget til godkjenning hos Sogn og Fjordane fylkeskommune, der det er sannsynleg med eit svar i løpet av første halvåer, i følgje sakshandsamar Frode Hovland.
Til skilnad frå oppdrett i sjøen, der det av miljøomsyn er sterke restriksjonar i utdelinga av nye konsesjonar, er det langt enklare å etablere seg på land.
På land er det først og fremst reknestykket til investorane som avgjer om det blir satsing, ikkje det statlege regelverket som regulerer mengda av oppdrettsfisk i sjøen.
Frå kvitfisk til oppdrett
På eigarsida i prosjektet er mellom andre administrerande direktør Bodil Lynge og salssjef Johan Oksholen i kvitfiskeksportselskapet Nor Seafoods i Ålesund. Dei er medeigarar i oppdrettsatsinga gjennom sine selskap Greipa og Noas Invest.Greipa og Noas Invest eigde til saman alle aksjane i Nor Seafoods inntil dei nyleg gjekk i kompaniskap med Holmøy Maritime i Sortland, som mellom anna eig 12 trålkonsesjonar.
Investorar i Måløy
Saman med Lynge og Oksholen er det to aksjonærar frå Måløy i prosjektet, Ronny Magne Almenning (RMA Invest) og Jon Ove Stokke (Josco).Femte aksjonær i prosjektet er A.H. Holding i Andenes i Nordland.
Dei fem aksjonærane eig selskapet OFS Norge as saman. Der er Jon Ove Stokke dagleg leiar. OFS Norge eig i sin tur OFS Måløy as, som står for utbygginga. Stokke vil førebels ikkje kommenter kor stor investering det er snakk om, mellom anna fordi utbyggingstakta i prosjektet ikkje er avklart.
Fullt utbygd skal anlegget ha ein kapasitet på 15.000 tonn laks og kunne gi 50 arbeidsplassar i følgje kommunen.
Oppdrettsanlegget i Vågsøy blir ikkje det einaste landsbaserte oppdrettsanlegget med moderne teknologi.
På det gamle industriområdet Øra i Fredrikstad er Fredrikstad Seafood i gang med bygging av anlegg, men mål om å sette fisk i anlegget i slutten av 2018.
Publisert: 16.12.2017 06:00
Sist oppdatert: 03.01.2024 11:21