Ida wolden bache norges bank foto nils stian aasheim 1
HAR VARSLA RENTEKUTT: Sentralbanksjef Ida Wolden Bache har tidlegare indikert rentekutt mot slutten av året. Det trur ikkje Nordea lenger på. Foto: Nils Stian Aasheim
Nytt

Nordea avlyser rentekutt i år

Trur likevel på raskare økonomisk vekst, driven av auka forbruk.

21.05.2025

(NPK-NTB-Steinar Schjetne): Det kjem ingen rentekutt frå Noregs Bank – verken i år eller neste år, ifølgje Nordea. 

– Veksten i norsk økonomi er på veg opp driven av auka privat forbruk og bustadbygging, heiter det i innleiinga til kapittelet om norsk økonomi i Nordea Markets’ prognoserapport Economic Outlook #2 2025.

I forordet til rapporten konkluderer sjeføkonom Kjetil Olsen med at tollfrykta er overdriven. Motkrefter, særleg i Europa, vil mest sannsynleg føre til at veksten hos handelspartnarane våre i sum blir høgare framover, ikkje lågare.

– Trumps handelskrig vil derfor neppe rive beina under oppgangen i norsk økonomi som no er på gang, skriv han.

Kjøpekrafta hos hushalda kom betydeleg opp i fjor og vil auke vidare i år, sjølv utan rentekutt. Høg inntektsvekst gir også støtte til bustadmarknaden, ifølgje analytikarane.

Positivt vekstbilete
Det gir følgjande vekstbilete av 2025 viss prognosane slår til (2024-tal i parentes):

  • Fastlands-BNP: 1,7 prosent (0,6 prosent)
  • Konsumet i hushalda: 2,5 prosent (1,4 prosent)
  • Prisvekst (KPI-JAE): 3,2 prosent (3,7 prosent)
  • Lønnsvekst: 4,5 prosent: (5,6 prosent)
  • Arbeidsløyse: 2 prosent (2 prosent)
  • Styringsrenta ved årsslutt: 4,5 prosent (4,5 prosent)

– Den høge lønnsveksten vil gjere at inflasjonen held seg godt over målet på 2 prosent. Vi trur derfor ikkje Noregs Bank vil kutte styringsrenta verken i år eller neste år, skriv Olsen og seniorstrateg Sara Midtgaard.

Dei vil likevel ikkje utelukke heilt at styringsrenta kan bli sett ned i haust, slik Noregs Bank har signalisert, ut frå ei forventning om aukande arbeidsløyse neste år. Men om det kjem rentekutt, blir det få av dei, konkluderer dei.

Meir å rutte med i år
Med ein lønnsvekst på 4,5 prosent og ein inflasjon på 3,2, vil reallønnsveksten vere 1,3 prosent. Men Nordea Markets ligg høgt i anslaget sitt for inflasjonen i år. Finansdepartementet la eksempelvis til grunn ei forventning om at inflasjonen skal ende på 3 prosent.

Mange arbeidstakarar vil nok dessutan oppleve at dei får ein lønnsvekst tilsvarande ramma i frontfaget: 4,4 prosent.

Ytterlegare disponibel kjøpekraft kunne ha komme viss sentralbanken leverer på signala om rentekutt i år. Men det toget har gått, ifølgje Nordea Markets. Inflasjonen er framleis for høg, og det kjem til å bli krevjande å få han ned det siste stykket mot målet.

– Vi har lenge peika på at ferda ned mot inflasjonsmålet til Noregs Bank på om lag 2 prosent ville vere ein treg prosess, og at den lette delen av inflasjonsnedgangen var lagd bak oss. Den siste tidas utvikling styrkjer denne vurderinga, skriv økonomane.

Noregs Bank har indikert at det første rentekuttet kjem seinare i år, og at det blir totalt fem kutt innan utgangen av neste år.

(©NPK)

Publisert: 21.05.2025 11:03

Sist oppdatert: 21.05.2025 11:03

Mer om