Nordic Wildfish deling i maal
DELT NORDIC WILDFISH: Pål Roaldnes (til høgre) tek over fiskebåten Molnes (biletet), Tore Roaldnes (til venstre) tek over Genesis. Tredjemann i reiarlaget, Jan Harald Roaldnes (ikkje avbilda) tek over fiskebåten Roaldnes.
Nytt

Nordic Wildfish-deling i mål

Nordic Wildfish-delinga er klar.

13.12.2019
Det tre hovudaksjonærane, brørne Tore og Pål Roaldsnes og slektningen Jan Harald Roaldnes fekk detaljane på plass i går kveld. Det stadfestar både Pål og Tore Roaldnes.
Nordic Wildfish eig tre fiskefarty, Molnes, Roaldnes og Genesis og no har eigarane teke over kvart sitt farty og skal drive vidare kvar for seg.
Pål Roaldnes sitt selskap over Molnes, Jan Harald Roaldnes sitt selskap tek over Roaldnes og Tore Roaldnes tek over Genesis. Jan Harald Roaldnes tek og over namnet på selskapet - Nordic Wildfish - og bygget som husar hovudkontoret på Valderøya.

Langvarig strid

Usemja mellom eigarane i Nordic Wildfish har vart i fleire år, men blussa kraftig opp i slutten av 2018. Det enda med ekstraordinær generalforsamling i januar i år, val av nytt styre og seinare til at Tore Roaldnes vart skifta ut som dagleg leiar.

I løpet av 2019 har eigarane etterkvart arbeidd med å løyse usemja ved å dele selskapet i tre og i løpet av hausten kunngjorde fisjon i Nordic Wildfish, til tre nye selskap.

Milliardverdi

NETT NO skreiv i januar i år at brutto verdianslag for selskapet ligg mellom 1,5 og to milliardar kroner. Minus gjelda er det snakk verdiar for mellom ein og 1,5 milliardar kroner.
I 2018 hadde selskapet 325 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 89 millionar kroner.

Publisert: 13.12.2019 17:17

Sist oppdatert: 17.02.2022 11:22

Mer om