For ein time sidan melde politiet på Sunnmøre at ein båt hadde slit seg ved verftet.
No ligg konstruksjonsskip mellom Davik-kaia og verftet, inne på vågen i Brattvåg, i følgje kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard. To slepebåtar er på plass og arbeider med å halde kontroll på det største offshoreskipet Vard nokon gong har bygd.
Artikkelen er oppdatert med informasjon Vard sende ut klokka 01.08 natt til laurdag 30. januar. Selskapet har kontroll på Nordmand Maximus og fartyet vil bli skubba attende til kai og fortøyd så snart tilhøva tillet det.
Skorget kom frå Vard sitt skrogverft i Romania for å bli utrusta i Brattvåg, og vart slept på plass i midten av desember ifjor.
Kontrakten mellom Solstad Offshore og Vard er i dollar. Med dagens kronekurs er kontrakten på rundt tre milliardar kroner, men då kontrakten vart inngått var verdien rundt to milliardar kroner.
No ligg konstruksjonsskip mellom Davik-kaia og verftet, inne på vågen i Brattvåg, i følgje kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll i Vard. To slepebåtar er på plass og arbeider med å halde kontroll på det største offshoreskipet Vard nokon gong har bygd.
Artikkelen er oppdatert med informasjon Vard sende ut klokka 01.08 natt til laurdag 30. januar. Selskapet har kontroll på Nordmand Maximus og fartyet vil bli skubba attende til kai og fortøyd så snart tilhøva tillet det.
Ekstra sikring
Vard hadde budd seg på uveret med å sikre Nordmand Maximus med ekstra fortøyninga, og i tillegg leigd inn to slepebåtar, i følgje Akselvoll. Men det var ikkje nok til å hindre at fortøyingane rauk i baugen av skipet.Skorget kom frå Vard sitt skrogverft i Romania for å bli utrusta i Brattvåg, og vart slept på plass i midten av desember ifjor.
Tre milliardar
Er rundt 180 meter langt, har 33 meters breidde og eit arbeidsdekk på 2500 kvadratmeter. Det er spesielt utrusta for å leggje rør på store djup og under krevjande vêr. Det blir mellom anna utrusta med ein 600 tonns offshorekran, og vil ha ein 4000 tonns karusell under dekk for lagring av mellom anna fleksible rør og kablar.Kontrakten mellom Solstad Offshore og Vard er i dollar. Med dagens kronekurs er kontrakten på rundt tre milliardar kroner, men då kontrakten vart inngått var verdien rundt to milliardar kroner.
Publisert: 30.01.2016 01:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52






