Nordmoere Trainee ordning sidan 2006
REKRUTTERING: Sidan 2006 har bedrifter og offentlege aktørar samarbeidd om å rekrutterer utdanna arbeidskraft til Nordmøre. 
Nytt

Nordmøre: Trainee-ordning sidan 2006

Tre av dei fire første trainee-kandidatane for 2006-kullet på Nordmøre bur og arbeider framleis i Kristiansund.

13.11.2019
Utan trainee-ordninga hadde ikkje Kristiansund og omegn greidd å rekruttere like mange med høg utdanning, seier dagleg leiar Monika Garshol Eeg i KOM Trainee.
KOM står for Kristiansund og omegn, og traineeordninga har som formål å rekruttere folk med utdanning på bachelor-nivå og høgare.
Garshol Eeg anslår at over halvparten av dei 76 kandidatane som har vore gjennom trainee-programmet framleis bur og arbeider på Nordmøre.

To-årig program

KOM Trainee-kandidatane på Nordmøre er med på eit to-årig program. Målet er at dei skal vere gjennom tre periodar med ulike oppgåver. For nokre betyr det at dei er innom to eller tre bedrifter i løpet av dei to åra, medan andre kan arbeide med ulike oppgåver i same bedrift.
Trainee-ordninga omfatta jobbar både i privat og offentleg sektor og spenner i dag fra folkemusikar til petroleumslogistikkekspert.
Eit nytt kull blir tatt opp kvart år, og i dag er det i alt 10 kandidatar med. Til årets opptak var det 110 søkjarar til fire stillingar.

27 bedrifter er med

Leiarar i Vestbase, Kom Vekst, FG eiendom, Kristiansund Kommune, Sparebank 1 -Nordvest og Nordea sto bak etableringa av KOM Trainee-ordninga.
I dag har ordninga 27 medlemsbedrifter og -organisasjonar.
Også Sogn og Fjordane har traineeordning, som til sesongen 2019/2020 hadde 650 søkjarar til 33 stillingar.
Næringsforeningen Ålesundregionen arbeider for å etablere ei traineeordning også på Sunnmøre.

Publisert: 13.11.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:44