Nordvestland-selskap børstaparar
Død fisk og oppdeling av eigarselskap gjorde Atlantic Sapphire og Arctic Bioscience til dagens taparar på Oslo Børs.
Aksjekursen i Atlantic Sapphire fall 14,9 prosent og aksjekursen i Arctic Bioscience fall 12,7 prosent i løpet av dagen, samanlikna med kursen ved børsslutt før helga.
Atlantic Sapphire har hovudkontor i Vestnes og driv landbasert oppdrett av laks i Danmark i Florida. Fredag etter børsen stengte melde selskapet om eit uhell i Danmark. Renseanlegget svikta og 17 prosent av årsproduksjonen gjekk tapt.
Les også
Den meldinga blei ikkje godt mottatt på børsen og verdien av hele selskapet ble redusert med 1,1 milliardar kroner, til 6,9 milliardar.
Deler opp eigarskapen
I Arctic Bioscience i Ørsta laga helsekostprodukt basert på silderogn og arbeider med å utvikle legemiddelprodukt at det same råstoffet.
Det som sende aksjekursen ned i dag var meldinga om at selskapet Pir IV Invest, som eig ni prosent av aksjane i Arctic Bioscience, splittar opp eigarskapen. I staden for å eige Arctic Bioscience aksjar saman gjennom Pir IV Invest skal eigarane i Pir IV Invest no eige aksjane kvar for seg.
Halsebakkfamiliens investeringsselskap Ronja Capital II og tidlelgare Optimartopp Asbjørn Solevågseide eig 12,8 prosjent kvar i Pir IV Invest. Det tilsvarar 2,3 prosent eigarskap i Arctic Bioscience. Ronja Capital II eig i tillegg også aksjar i Arctic Bioscience direkte og vil sitte med 8,7 prosent av aksjane i Arctic Bioscience når delinga av Pir IV Invest er gjennomført.
Kursen i Arctic Bioscience var 19,498 kroner per aksje ved børsslutt i dag, som prisar selskapet til 474 millionar kroner. I mars i år var kursen 30 kroner per aksje.
Publisert: 12.07.2021 17:01
Sist oppdatert: 12.07.2021 17:02