Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11 2021 04 21 142058 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
TRØBBEL: Tidlegare i år miste Atlantic Sapphire fisk ved dette anlegget i Florida. No har selskapet mist fisk ved anlegget i Danmark. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

400 tonn fisk tapt etter uhell

Rensesystem svikta hos Atlantic Sapphire i Danmark.

12.07.2021

Menneskleg feil er grunnen til at rensesystemet hos ein del av Atlantic Sapphire sitt landbaserte oppdrettsanlegg i Danmark svikta fredag, ifølgje ei børsmelding. Det gjorde at vasskvaliteten raskt blei forringa, og fisk døde.

Fisk tilsvarande 17 prosent av produksjonen ved anlegget, 400 tonn slakta og sløyd, gjekk tapt, ventar selskapet.

Fisken som gjekk tapt skulle slaktast i andre halvår, og selskapet ventar å måtte bokføre eit tap på omlag 25 millionar kroner etter at forsikringsoppgjeret er ferdig.

Atlantic Sapphire har hovudkontor i Vestnes og er notert på Oslo Børs. Selskapet sitt viktigaste landbaserte oppdrettsanlegg for atlantisk laks ligg ved Miami i Florida og selskapet har og eit anlegg i Danmark.

Kursfall
I februar i år var ein aksje i Atlantic Sapphire verdsett til 150 kroner. Før børsen opna ri dag er kursen 87,80 kroner aksjen, som prisar heile selskapet til åtte milliardar kroner.

I slutten av mars melde Atlantic Sapphire at ein feil ved anlegget deira i USA, førte til tap av kring 500 tonn laks. Etterpå sa selskapet opp avtalen med den danske utstyrsleverandøren Billund Aquaculture, som fekk skulda for designfeilen.

Milliardemisjon
I starten av juni i år fekk Atlantic Sapphire inn 121 millionar dollar, tilsvarande 1,016 milliardar kroner i ei kapitalutviding.

Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere eit andre byggesteg på oppdrettsanlegget i Florida, investeringar mellom anna i infrastruktur for raskare vekst og til generell drift.

Publisert: 12.07.2021 08:30

Sist oppdatert: 12.07.2021 07:40