Noregs Bank trassa forventningane og set ned styringsrenta til 4,25 prosent. Samtidig varslar dei at det kan komme endå eit kutt før utgangen av året.
– Prisveksten har minka sidan rentemøtet i mars, og det er utsikter til at prisveksten det næraste året vil bli lågare enn vi tidlegare såg for oss, seier sentralbanksjef Ida Wolden Bache i ei pressemelding.
– Ved å byrje ei forsiktig normalisering av styringsrenta no, legg vi til rette for at prisveksten kjem tilbake til inflasjonsmålet utan at vi bremsar økonomien meir enn nødvendig, seier Bache.
Sentralbanken anslår også eit vidare kutt i år – og at styringsrenta kjem til å vere i underkant av 4 prosent ved utgangen av året.
Trudde på uendra rente
Både NHO, SSB og ei rekke økonomar og analytikarar hos bankane venta at Noregs Bank kom til å halde styringsrenta uendra på 4,5 prosent.
Dei var samstemde i forventninga om at eit rentekutt ikkje kom til å komme før i september, i tillegg til eit mogleg kutt i desember.
Noregs Bank ventar at styringsrenta kjem til å vere på om lag 3 prosent mot slutten av 2028.
– Vi anslår at den gjennomsnittlege bustadlånsrenta minkar frå 5,6 prosent i dag til 4,6 prosent i 2028. Det er ikkje utsikter til at renta skal ned igjen til nivåa ho var på i tiåret før pandemien, seier Bache.
Større nedgang enn venta
Førre veke kom pris- og inflasjonstala for dei siste tolv månadene, frå mai til mai.
Då var kjerneinflasjonen, som Noregs Bank legg til grunn for rentepolitikken, 0,2 prosentpoeng lågare enn i april. Den enda på 2,8 prosent det siste året, som var ein større nedgang enn venta.
Noregs Bank har eit mål om at inflasjonen i Noreg skal liggje på 2 prosent.
Før renteavgjerda i mars i år var det mange som spådde eit etterlengta rentekutt. Det hadde også Noregs Bank signalisert lenge. Likevel vart ikkje det noko av, og renta har halde fram med å stå stille – inntil no.
Større uvisse enn normalt
Noregs Bank understrekar likevel at det er større uvisse om utsiktene enn normalt på grunn av verdssituasjonen.
– Viss økonomien utviklar seg annleis enn vi no ser for oss, kan også renteutviklinga bli ein annan, seier Bache.
– Men måla våre ligg fast. Vi vil fullføre jobben og sørgje for at prisveksten kjem heilt tilbake til 2 prosent.
Dei nye rentesatsane gjeld frå 20. juni 2025. Styringsrenta blir altså 4,25 prosent, medan døgnlånsrenta blir på 5,25 prosent og reserverenta på 3,25 prosent.
Støre: – Gledeleg
– Det er gledeleg at Noregs Bank set ned renta i dag. Det er ei spesielt god nyheit for alle som har lån, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei fråsegn til NTB.
Statsministeren tek noko av æra, og han meiner ansvarlege lønnsoppgjer mellom partane i arbeidslivet har vore med på å danne eit godt grunnlag for kuttet.
– Både i fjor og i år stig lønningane meir enn prisane, og folk får betre råd. Regjeringa har ført ein ansvarleg og trygg økonomisk politikk, og partane i arbeidslivet har vorte samde om ansvarlege lønnsoppgjer, slik at prisveksten kan halde fram ned og vere med på å leggje grunnlaget for rentekutt, seier han vidare.
Også tidlegare finansminister Trygve Slagsvold Vedum Slagsvold (Sp) jublar.
– Dette er ei god nyheit, no er eg utruleg glad, seier han.
Publisert: 19.06.2025 10:08
Sist oppdatert: 19.06.2025 13:54





