Normex skal levere og installere sitt eigenutvikla vassrenseanlegg - Razone - til selskapet Mirae Aquafarm, som skal bygge eit landbaserte lakseoppdrettsanlegg i Pohang i Sør-Korea.
Fullt utbygd skal anlegget produsere 10.000 laks i året.
– Dette er ein strategisk milepæl for oss. Det bekreftar den internasjonale relevansen av teknologien vår, seier dagleg leiar og medeigar Stig Ove Johansen i Normex i ei pressemelding. Han eig selskapet 50/50 saman med Bjørn Monsen.
Storleiken på kontrakten i kroner er ikke opplyst, ut over at det ifølgje pressemeldinga er snakk om ein "millionavtale".
Resirkulererer vatnet
Razone er utvikla for landbaserte oppdrettsanlegg som brukar såkalla RAS-teknologi. Det er anlegg som i hovudsak baserer seg å rense og resirkulere vatnet som blir brukt, og berre skifte ut og tilføre ein liten andel vatn utanfrå.
Avtalen i Korea er den første store satsinga til Normex i Asia og eit direkte resultat av at selskapet har vore med på Innovasjon Norge sitt "Global Growth"-program. Det gav innsikt i marknaden og tilgang til beslutningstakarar, skriv Normex i pressemeldinga.
Over 300 anlegg
Sidan starten i 2003 har Normex levert over 300 anlegg verda over, ifølgje pressemeldinga, først og fremst til oppdrett, maritim sektor og landbasert fiskeindustri.
Inntektene til selskapet fall frå 36 til 22 millionar kroner frå 2022 til 2023. Årsaka var varselet om innføring av grunnrenteskatt på oppdrett i sjøen, som kom i 2022, og som gjorde at oppdrettsnæringa sette store investeringar på vent. Det fekk også Normex merke.
- Vi merkar helt klart følgene av grunnrenteskatten. Fleire av prosjekta vi jobba med og som sto for avklaring i år, har blitt stoppa, utsett eller i verste fall kansellert. Dette gjeld i all hovedsak landbaserte RAS-anlegg. Vi ser også at det stort sett er stopp i prosjekta vedrørande lukka merder i sjø, sa Stig Johansen til Nett No i april 2023.
I fjor tok inntektene seg opp igjen til 2022-nivå (sjå tabell). Både i fjor år året før gjekk Normex i minus, men starten på 2025 støttar oppfatninga om at underskotsåra var mellombelse og at selskapet er på veg mot solid og lønsam drift, skriv selskapet i årsmeldinga for 2025.
| Normex as | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 35,3 | 22,0 |
| Driftsresultat | -2,0 | -0,7 |
| Resultat før skatt | -1,0 | -2,2 |
Publisert: 11.08.2025 09:36
Sist oppdatert: 11.08.2025 10:17






