NTB PHZR3tv PD5 M 1
SERTIFISERT: Etter å ha mista sertifiseringa i 2021, er norsk torsk, skrei og hyse fanga innanfor 12 nautiske mil igjen MSC-sertifisert. Foto: Cornelius Poppe / NTB / NPK
Nytt

Norsk torsk, skrei og hyse igjen MSC-sertifisert

Fekk tilbake godkjenning som fisken mista i 2021.

16.11.2023

(NPK-NTB): Etter å ha mista sertifiseringa i 2021, er norsk torsk, skrei og hyse fanga innanfor 12 nautiske mil igjen MSC-sertifisert.

Norges fiskarlag fekk tidlegare denne veka beskjed om at sertifiseringsprosessen er fullført, og at dei norske eksportørane kan ta i bruk MSC-sertifikatet.

Merket til Marine Stewardship Council (MSC) er eit miljømerke for fisk og sjømatprodukt. Merket garanterer at produktet kjem frå berekraftig fiske.

– Sjølv om fjoråret vart eit rekordår for både torsk og hyse vil resertifiseringen av MSC vere positivt for ytterlegare å styrkje posisjonen til norsk torsk og hyse i tida framover, seier administrerande direktør Christian Chramer i Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

Torskefiskeriet i nord består av den stadsbundne kysttorsken og skrei som har vandra frå Barentshavet til norskekysten.

Medan barentshavtorsken vart MSC-sertifisert i 2010, fekk kysttorsken sertifisering i 2011, under vilkår av at det kom på plass ein godkjend oppbyggingsplan for kysttorsken. Og fordi kysttorsken blandar seg med skreien i vintersesongen, mista all torsk fanga innanfor 12 nautiske mil (nord for 62. breiddegrad) MSC-sertifiseringa si 15. august i 2021.

Publisert: 16.11.2023 07:54

Sist oppdatert: 16.11.2023 10:57

Mer om