Kyr folkestad
UTMARKSBEITE: Norske storfebønder auka inntekta i fjor, her kyr på Folkestadsetra, men det er bøndene på flatbygdene på Austlandet og på Jæren som har den høgaste snittinntekta. Illustrasjonsfoto: Kjetil Haanes
Nytt

Norske bønder auka inntekta i fjor

Gjennomsnittleg årsløn i landbruket auka med 27.600 kroner.

06.12.2021

Norske bønder auka inntektene i koronaåret 2020. Den gjennomsnittlege inntekta per årsverk i landbruket gjekk opp frå 300.200 til 327 800 kroner.

Det svarer til ein oppgang på ni prosent, viser driftsgranskingane til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

– Både produksjon av mjølk, gris, geit og storfekjøtt fekk ein gjennomsnittleg auke i inntekta, seier Heidi Knutsen, seniorrådgivar og driftsgranskar ved NIBIO.

Dårlegare for bærprodusentar
Sauebøndene tente i 2020 omtrent det same som i 2019, medan korn-, frukt- og bærprodusentane fekk noko lågare inntekter i 2020.

Bøndene som produserte både svin og korn hadde den høgaste snittinntekta med 473.600 kroner i 2020.

Sauebønder tener minst
Sauebøndene tener dårlegast med 163.900 kroner i jordbruksinntekt.

Det er bøndene som held til på flatbygdene på Austlandet og på Jæren som har den høgaste snittinntekta.

Publisert: 06.12.2021 10:59

Sist oppdatert: 06.12.2021 11:05

Mer om