Norske leveransar for minst 1 5 mrd
FERDIG MED STÅLET: Stålarbeidet på ei to første Havila-skipa er ferdig. Tersan-verftet har starta på det innvendige arbeidet. 
Nytt

Norske leveransar for minst 1,5 mrd.

Sjølv om Havila Kystruten-skipa vert bygde i Tyrkia, blir det møblar og innreiing frå store delar av Nordvestlandet om bord. Bygginga er i rute og verftsarbeidarane har starta innvendig.

Marius Rosbach
28.02.2020

Dei to første skipa til Havila Kystruten skal inn i trafikk frå årsskiftet og ved Tersan-verftet i Tyrkia er verftsarbeidarane i gong med arbeidet innvendig.

– Verftet rapporterer at det framleis er i rute. Alt stålet er omtrent ferdig bygd, og vi har starta på isolasjonsarbeidet innvendig på dei nedre dekka, fortel teknisk direktør Kjell Rabben ved Havila Kystruten til NETT NO.

Han fortel at dei har ein tidsbuffer mellom levering og at skipa skal settast i rute. Førebels er det ikkje planlagd dåp, men etter planen skal skipa starte å segla frå Bergen.

Planen var å bygge to skip i Spania og to i Tyrkia, men som kjent hamna det spanske Barreras-verftet i økonomisk uføre, og skipa derifrå er kansellert.

Reiarlaget stadfesta nyleg at alle fire skipa blir bygd i Tyrkia, og jobbar samtidig med å skaffe erstatningsskip til dei to siste skipa blir ferdige.

Møblar frå Sykkylven, Ørsta og Rauma

Sjølv om skipa blir bygd i utlandet, kan passasjerane slappe av i møblar frå Sunnmøre – og sove på madrassar frå Romsdalen. Reiarlaget har satsa på norsk design og møblar når dei innreier skipa.


Reiarlaget opplyser i ei pressemelding fredag at alle fellesområda på skipa skal innreiast med møblar frå Sykkylven-bedriftene Brunstad og Ekornes – i tillegg til Fora Form frå Ørsta. Det gjeld mellom anna stolar og kvilestilar i alt frå loungar, atrium og konferanserom, til kafé og dei to restaurantane om bord.

Ein tredel av verdien frå Norge

Havila-eigar Per Sævik har tidlegare uttald at laber interesse frå norske verft til å bygge, var noko av årsaka til at dei valte å bygge utanlands.

– Vi er likevel opptekne av at bygginga av skipa også skal gi norsk verdiskaping, og har funne ei god alternativ løysing der norsk design, norsk utstyr og andre norske leveransar utgjer over ein tredel av byggesummen, seier administrerande direktør Arild Myrvoll i meldinga.

Skipa kostar til saman minst 4,5 milliardar kroner, ifølgje NETT NO sitt anslag. Det tilseier at norske selskap har sikra arbeid til kring 1,5 milliardar.



Meiner marknader smeltar saman

Sals- og marknadssjef Atle Ødegård ved Brunvoll i Sykkylven meiner leveransen er eit bevis på at heimemarknad smeltar saman med kontraktsmarknad og marknad for cruise og hotell.


Ifølgje reiardirektør Myrvoll handlar valet av møblar om meir enn at det skal sjå fint ut. I tillegg til at han er trygg på at dei får kvalitet – har leverandørane kort veg til stoppestadene til kystruta. Det gjer at sørvis og seinare leveringar blir enklare og meir berekraftig, påpeiker Myrvoll.

Alle møblane i ordren hos Fora Form skal til dømes produserast i Ørsta. Der var det glede og kakefeiring då avtalen blei kjent.

Stor innreiingsjobb til Molde

Også Molde-firmaet Norwegian Marine Interior (NMI) har sikra seg mykje jobb om bord. I samarbeid med arkitektkontoret Steen Friis Design har dei planlagt og designa møblar og interiør. Dei skal også gjere installasjonen om bord på alle fire skipa.

I lugarane blir det meir møblar frå Nordvestlandet, med madrassar frå svenskeigde Recticel på Åndalsnes i Rauma.




Publisert: 28.02.2020 12:01

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:43