Nortel prises til 225 mill etter emisjon
NORTEL-SJEF: Christian Pritchard er grunnleggar, dagleg leiar og stor aksjonær i Nortel.
Nytt

Nortel vurderer bod på selskapet

Aksjekursen kraftig opp etter melding om fleire moglege kjøparar. Sjekk dei største aksjonærane.

15.03.2023

Mobiltelefoniselskapet i Ålesund fortel om interesse frå både norske og utanlandske selskap i ei børsmelding før handelen starta onsdag.

Aksjekursen steig til 30 kroner, opp 22,14 prosent, då børsen opna. Den kursen verdset selskapet til 564 millionar kroner.

I tenkeboksen
No går selskapet i tenkeboksen for å gjere ein såkalla strategisk gjennomgang av kva veg det skal velge vidare.

Gjennomgangen er eit resultat av både norske og utanlandske selskap har meldt interesse for å kjøpe selskapet, skriv selskapet i ei børsmelding.

Les børsmelding her

Klar med gjennomgang til sommaren
Det er ingen garanti for at gjennomgangen vil ende med ein transaksjon, men gjennomgangen vil gi ei viktig avklaring om utviklinga til selskapet framover, heiter det i børsmeldinga.

Den strategiske gjennomgangen skal vere klar i slutten av andre kvartal i år.

Sparebank 1 Markets og AGP Advokater er leigd inn som rådgivarar

Børsnotert i 2020
Nortel vart børsnotert i november 2020. Då var kursen 24 kroner.

I månadskiftet september/oktober 2021 nådde kursen ein topp på 28,30 kroner aksjen, før trenden peika nedover heilt til botnnoteringa i på 16 kroner aksjen 20 mai i 2022.

21. februar nådde kursen ein ny topp, på 29 kroner aksjen. Før børsopning onsdag var kursen 26,20 kroner aksjen, som verdset selskapet til 493 millionar kroner.

Rett før børsopning var teoretisk åpningspris 30,20 kroner aksjen.

I 2022 dobla Nortel driftsinntektene, til 225 millionar kroner, og auka talet på brukarar med 161 prosent, til 71.000.

- Nortels utvikling har blitt lagt merke til, og interessa for selskapet bekrefte at vi blir vurdert som ein aktør med potensial for fortsatt vidare og lønnsam vekst, seier dagleg leiar Christian Pritchard i børsmeldinga.

I 2016 selde han mobiltelefoniselskapet Mobitalk, som har grunnlag ti år tidlegare, og i 2019 starta han Nortel, med fleire investorar frå Nordvestlandet på eigarsida.

Dette er dei 20 største aksjonærane i Nortel (eigarandel i prosent):

Lapas, eig av Leif Arne Langøy og familie (18,1 %)
Proff Invest, eigd av Christian Pritchard (16,3 %)
Skandinaviska Enskilda Banken (16,3 %)
Stette Invest, eigd av Peder Stette og familie (15,5 %)

Sydsæther Holding, eigd av Bernt André Sydsæther (3,4 %)
Byggtorget Holding, eigd av Kaj Bang Westre og familiemedlemer (3,0 %)
Investel, eigd av Toril Standal Eliassen og Stian Bang (2,5 %)
Arisona Holding, eigd av Arild Hustad og Sonia Distante (2,4 %). Hustad er styreleiar i Nortel.
Marum Executive Search, eigd av Per-Andre Ragdem Marum og Ida Kristine Marum (2,0 %)
Alpine Capital, eigd av Kristofer Solvang (1,9 %)
Techvest, eigd av Olav Sindre Kriken (1,8 %). * Kriken er medeigar og styremedlem i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.
Robust 1, eigd av Jan Magnus Kleven og familie (1,7 %)
Høgnabben, eigd av Ole-Reinhart Notø og familie (1,4 %)
RH-Invest, eigd av Astrid Svendsen og familie (1,3 %)
TRH, eigd av Tore Rødal og familie (1,1 %)
Icecube Invest, eigd av Kristian Joakim Renaas (1,0%)
Castling, Beness Invest, Lindbank og finansdirektør Dag Nåheim eig 0,9 prosent kvar. Castling er eigd av Eirik Staurset, Beness Invest av Bjørn Einar Sperre Ness og familie, Lindbank av Tore Lindbak. * Staurset er medeigar og dagleg leiar i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 15.03.2023 07:37

Sist oppdatert: 15.03.2023 10:28

Mer om