Kjetil Lund NVE
VINDKRAFTPAUSE: NVE-direktør Kjetil Lund trur det vert smått med vinbdkraftutbygging dei neste 5-10 åra. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

NVE: Neppe særleg meir vindkraft dei neste 5–10 åra

NVE-direktør Kjetil Lund meiner det vil gå mange år før vi igjen ser noko til større utbyggingar av alternativ energi i form av vindkraft.

NPK
20.08.2021

– Det kan fort gå 5 til 10 år før vi igjen får noko særleg ny vindkraftutbygging i Noreg, sa Lund under ein debatt i regi av Arendalsuka 2021, ifølgje Forskning.no.

Forskarar og ekspertar på feltet meiner det høge utbyggingstempoet i 2018 og 2019 skremde mange. Vindkraftmotstandarane har òg vorte meir høglydte. Fram til i sommar hadde 134 ordførarar signerte det såkalla ordføraropprøret mot vindkraft.

Kommunane får meir makt
No skal kommunane derfor få meir makt i spørsmålet om vindkraftutbygging. Det blir strengare krav til utbyggjarar. Det blir òg krav om meir medverknad frå lokalbefolkninga.

Forskar Tor Håkon Jackson Inderberg ved Fridtjof Nansens Institutt seier haldninga til vindkraft er tydeleg endra dei siste åra.

– Vi har gått frå eit relativt tydeleg «ja» til vindkraft i Kommune-Noreg til eit veldig tydeleg «nei», sa han under debatten i Arendal.

Publisert: 20.08.2021 21:18

Sist oppdatert: 20.08.2021 21:21

Mer om