Ulstein Group Rolf Petter Almli Tiew Sien Kheng foto ulstein Group
NY KONTRAKT: Salssjef Rolf Petter Almli (t.h.) i Ulstein Group saman med Tiew Sien Kheng frå Megamas Resources. Foto: Ulstein Group
Nytt

Ny designkontrakt til Ulstein

Skal teikne nytt kabelskip.

Marius Rosbach
04.06.2025

Ulstein Design & Solutions har sikra seg en kontrakt på skipsdesign for eit fiberoptisk kabelleggingsfartøy med Megamas Resources.

Det ble kjent under Nor-Shipping-messa onsdag. 

Skipet er planlagt bygd ved Lloyd Werft Bremerhaven. 

- Ulstein Design & Solutions AS skal, saman med Lloyd Werft, bidra med sin omfattande ekspertise for å levere eit høgspekka, spesialisert fartøy, uttalde kaptein Tiew Sien Kheng som er partner i Megamas. 

Starta konseptarbeidet i 2023
Konseptarbeidet starta allereie hausten 2023 med utgangspunkt i et Ulstein SX228-design. Megamas tek sikte på å levere det første fartøyet innan utgangen av 2027.

Skipet har ei lengd på 121,7 meter og måler 23 meter i breidda, og har ei dødvekt på 8 200 tonn og ein kabelkapasitet på 5 500 tonn, blir det opplyst i ei pressemelding. 

Lukka arbeidsområde
To kabellinjer og alt naudsynt kabelhandteringsutstyr er plassert inne i eit lukka arbeidsområde, og sikrar at fartøyet kan utøve sikre og effektive operasjonar i utfordrande forhold. 

Andre funksjonar inkluderer ein ROV-hangar for grøftegravaren, ei 50-tonns A-ramme og ein slepekraftkapasitet opptil 120 tonn for grøfting på havbotnen.

Publisert: 04.06.2025 12:56

Sist oppdatert: 04.06.2025 12:56

Mer om