Phillipp Schramm ceo Hexagon Composites foto Hexagon Composites
OVERTOK I FJOR: Philipp Schramm tok over som administrerende direktør i Hexagon Composites på slutten av fjoråret. Han er trygg på at lønnsemda på mellomlang og lang sikt, uttaler han i børsmeldinga torsdag. Foto: Hexagon Composites
Nytt

Ny Hexagon-nedtur etter talslepp

Underskotet auka kraftig etter nedskriving. Det sendte aksjen ned.

Marius Rosbach
15.05.2025

Nedturen for Hexagon Composites-aksjen held fram torsdag, etter at selskapet leverte tal for 1. kvartal. 

Ein halvtime inn i handelen er kursen ned drygt åtte prosent til 18 kroner. Det er eit fall på kring 60 prosent i løpet av året. 

Kvartalsrapporten viste lågare inntekter og eit svekka resultat frå drifta.  EBITDA-resultatet enda på 44 millionar kroner i pluss – ned frå 59 millionar i same kvartal i fjor. 

– Til tross for motvind har vi levert en stabil prestasjon i første kvartal, uttaler Hexagon Composites-sjef Philipp Schramm i børsmeldinga

Resultat før skatt viser eit underskot på drygt 835 millionar. Hovudårsaka er ei nedskriving av verdien for Hexagon Purus-aksjane på 509 millionar kroner. Rekneskapen for hydrogenverksemda i førre veke, viste eit kraftig resultatfall.

Saka blir oppdatert 

Hexagon Composites ASA  
1. kvartal. i mill. kroner20252024
Driftsinntekt911,8944,6
Driftsresultat-26,21,7
Resultat før skatt-835,9-157,7

Publisert: 15.05.2025 09:39

Sist oppdatert: 15.05.2025 09:39

Mer om