Runde Miljøsenter Ottar Håkonsholm foto Runde Miljøsenter 11
POLITISK MOBILISERING: Dagleg leiar Ottar Håkonsholm satsar på nye politisk mobilisering for å sikre at støtte til Runde Miljløsenter kjem inn på statsbudsjettet for neste år. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ny kamp for Runde Miljøsenter

For andre år på rad er Runde Miljøsenter ute av framlegget til statsbudsjett.

09.10.2023

- Vi har ikkje sjanse til å finansiere ny forsking, seier dagleg leiar Ottar Håkonsholm om kva som blir konsenkvensen av at Runde Miljøsenter ikkje får statsstøtte.

I 2022 fekk selskapet, som driv det marine og maritime forsking- og formidlingssenteret på Runde, 5,5 millionar kroner i statsstøtte.

I budsjettframlegget for 2023 var det ikkje sett av noko til støtte i 2023, men budsjetthandsamling enda med at selskaoet fekk tre millionar kroner.

Senteret har vore inn med eige tilskot frå staten sidan 2015.

Les også

Politisk mobilisering
Håkonsholm seier selskapet brukar statsstøtta dels som eigenandel i finansiering av forskingsprosjekt og dels som finansiering av formidlingarbeidet som skjer på senteret på Runde.

I fjor sa Håkonsholm at Runde Miljøsneterhar opplevde ein brei og samla innsats frå politikarane i Møre og Romsdal til fordel for senteret. Senteret rette ei ekstra takk til stortingspolitikar Birgit Oline Kjerstad (SV), som har stått på spesielt for denne saka.

No satsar Runde Miljøsenter på ei ny politisk mobilisering, og har mellom anna kontakta stortingsrepresentantane frå Møre og Romsdal.

Fylket og private
Runde Miljøsenter er eit aksjeselskap med fire aksjonærar, som eig 20 prosent kvar.

Eigarane er Møre og Romsdal fylkeskommune, Nils Gunnar Hareide, Lars Gunder Golmen og Greta Garnes. I tillegg eig selskapet 20 prosent av aksjane i seg sjølv.

Selskapet eig 93,5 prosent i Runde Forsking, som er datterselskapet der forskingsaktiviteten foregår. Dei øvrige medeigarane i Runde Forsking er kommunane Herøy, Ulstein, Vanylven, Sande, Hareid, Ørsta og Volda.

Det heileigde datterselskapet Opplev Runde driv besøsksenteret på Runde.

Runde Miljøsenter as
Tal i mill. kroner20222021
Driftsinntekt10,39,5
Driftsresultat0,50,1
Resultat før skatt0,40,1

Publisert: 09.10.2023 13:04

Sist oppdatert: 09.10.2023 13:05

Mer om