Runde Miljøsenter gruppebilde tilsette foto Runde Miljøsenter 11
GLADE: Ein nøgd gjeng med 10 av dei 17 tilsette ved Runde Miljøsenter - som får vidare støtte over statsbudsjettet. Foto: Runde Miljøsenter
Nytt

– Letta og glade

Miljøsenter med særskilt takk til SV-politikar. Ved Atlanterhavsparken er dei skuffa.

Marius Rosbach
30.11.2022

Tysdag blei det klart at Runde Miljøsenter var tilbake på statsbudsjettet, som følgje av forliket mellom SV og regjeringspartia.

Difor er det glede mellom dei totalt 17 tilsette på senteret.

– Styre og tilsette er letta og glade for at politikarane på stortinget har fått til dette, heiter det i ei pressemelding frå senteret.

Dagleg leiar Ottar Håkonsholm ved Runde Miljøsenter fortel at dei har opplevd ei brei og samla innsats frå politikarane i Møre og Romsdal til fordel for senteret. Samtidig rettar dei ein særskilt innsats til stortingspolitikar Birgit Oline Kjerstad (SV), som har stått på spesielt for denne saka.

Miljøsenteret får tre millionar kroner over statsbudsjettet neste år. Det er samtidig 2,5 millionar mindre, enn forskingssenteret fekk over budsjettet i år. Senteret har vore inn med eige tilskot frå staten sidan 2015.

–Vi går ikkje konkurs av dette
Atlanterhavsparken i Ålesund var ikkje like heldige, og kom ikkje med å neste års budsjett. Det stadfestar Birgit Oline Kjerstad (SV) til NETT NO.

Dagleg leiar Tor Erik Standal ved Atlanterhavsparken fortel at dei vil merke godt at det forsvinn ein dryg million kroner i budsjettene deira.

– Men vi går ikkje konkurs av dette, og skal halde fram vidare, seier han til NETT NO.

Senteret har vore inne på statsbudsjettet som einaste nasjonale senter for undervassnatur. Standal fortel at han kanskje er mest skuffa over symboleffekten av kuttet.

– Det betyr mykje økonomisk, men eg er mest skuffa over at Norge sin evne og vilje til å framstå som ein havnasjon, legg Standal til.

Publisert: 30.11.2022 14:02

Sist oppdatert: 30.11.2022 18:04

Mer om