P E Bjørdal fasade foto P E Bjørdal
RAUDÅTE: Fabrikken PE Bjørdal skal levere blir også utstyrt for å behandle raudåte, krepsearten som er sentral i økosystemet i Nord-Atlanteren. Foto: P E Bjørdal
Nytt

Ny kontrakt til Bjørdal

Skal levere fabrikk til kystfiskefartøy.

13.09.2021

Reiarlaget Asbjørn Selsbane på Kvaløy i Nord-Noreg får ein fabrikk frå PE Bjørdal i Ørsta om bord i sin nye kystfiskefartøy, som blir knappe 40 meter langt.

Dette er er eit viktig kontrakt for PE Bjørdal fordi den stadfestar at selskapet også kan levere fabrikkanlegg til denne type fartøy, seier Oddbjørn Følsvik til NETT NO . Han er marknad- og salssjef i PE Bjørdal.

Partane går ikke ut med storleiken på kontrakten.

Fabrikken blir bygd for å brukast til fleire typar fiske og gjennom heime året. Den skal kunne produsere og fryse sløyd og hovudkappa kvitfisk, reker, raudåte (ein liten krepseart) og snøkrabbe.

Publisert: 13.09.2021 08:56

Sist oppdatert: 18.01.2022 08:42