Oddbjørn Følsvik Bjør Meek P E Bjørdal foto Ogne
GJENOPNING: Sal- og marknadsføringsansvarleg Oddbjørn Følsvik (t.h.) og dagleg leiar og medeigar Bjørn Meek PE Bjørdal under Aqua Nor 2019. Nesten veka startar Aqua Nor 2021, som er den første større messa dei stiller på sidan koronaepidemien kom. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Første messe etter korona

I fjor skulle sals- og marknadsføringsansvarleg Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal besøke fem store messer, i fleire land, på jakt etter nye oppdrag. Alt blei avlyst, men med Aqua Nor-messa er han i gang igjen.

21.08.2021

Den verdsomspennande koronaepidemien har ikkje gjort slutt på behovet for å møtast, spesielt når nye kundar og samarbeidspartnarar skal rekrutterast.

- Det å knyte relasjonar via teams det er ikkje like enkelt, sier Følsvik.

PE Bjørdal skal ha fire personar fast i Trondheim for å bemanne standen under Aqua Nor-messa frå tysdag 24. til fredag 27. august, i tillegg til at tre-fire andre frå selskapet vil vere innom for å møte forretningspartnarar, leverandører og kundar.

Mindre reising
Smitteverntiltak og restriksjonar mot koronapepidemien tvinga også PE Bjørdal til å ta i bruk digitale kommmunikasjonskanaler, med hell.

Vi har signert fleire gode ordrar det siste året, til trass for at vi ikkje har kunna reist og treft kundane
Sals- og marknadsføringsansvarleg Oddbjørn Følsvik i PE Bjørdal

Sjølv om messer som Aqua Nor har livets rett vil det likevel bli færre reiser og møter i næringslivet framover. Fleire møter der folk kjenner kvarandre og prosjekta frå før kjem til å gå føre seg digitalt også etter koronaepidemien, meiner Følsvik.

- At vi kjem til å redusere reiseverksemda er det ingen tvil om, seier han.

Vekst
PE Bjørdal lagar anlegg og utstyr til både oppdrett- og fiskeri.

Selskapet har hatt tre år på rad med kraftig vekst (sjå tabell), ein vekst som har halde fram i år og skal halde fram også neste år, ifølgje Følsvik.

PE Bjørdal as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt126,4109,4
Driftsresultat-1,24,4
Resultat før skatt0,91,6

PE Bjørdal har ein ordrereserve som strekkjer seg inn i 2022.

- Vi har signert fleire gode ordrar det siste året, til trass for at vi ikkje har kunna reist og treft kundane, seier han.

Over 80 utstillarar
Over 80 bedrifter frå Møre og Romsdal og Nordfjord er utstillarar på årets Aqua Nor, ei av verdas største messer for utstyr- og reiskapsleverandørar til oppdrettsnæringa.

Aqua Nor blir arrangert i Trondheim annankvart år og alternerer med fiskerimessa Nor-Fishing.

(sjå lista over utstillarar frå Møre og Romsdal og Nordfjord nederst i artikkelen. Manglar nokon, send gjerne ei melding til ogne@nett.no.)

Stor jobb
For Robin Slyngstad i Slyngstad Reklame på Skodje er Aqua Nor og Nor-Fishing ei av dei største inntektskjeldene for selskapet i løpet av eit år.

Aqua Nor 2021 er det første større messeoppdraget for Slyngstad Reklame sidan koronaepidemien kom i fjor.

Slyngstad Reklame byggjer mellom anna stands for utstillarane på messa, ein jobb som Robin Slyngstad seier står for omlag 15 prosent av inntektene til selskapet i eit normalår.

No Slyngstad håpar Aqua Nor blir vellukka, også smittevernmessig.

- Klarer dei å gjennomføre eit så stort arrangement som dette som vil nok resten av messene blir gjennomført som normalt, seier Slyngstad

Aqua Nor-utstillerer fra Møre og Romsdal og Nordfjord
Ålesund Maritime AS
Westing AS
Vik Ørsta AS
Salthammer Båtbyggeri AS
AMOF- Fjell Process Techonology AS
Langset Maritime AS
Norwegian Marine Interior AS
Vard Aqua
Pipelife Norge AS
Vaagland Båtbyggeri AS
Møretrygd
PatoGen AS
Sølvtrans Management AS
VARD
CCOM AS
J.Weiberg Gulliksen AS
Mørenot Aquaculture AS
Normex
HL.Skjong AS
Artec Aqua AS
Nordvest Miljø AS
Baader Norge AS
Sæplast Norway AS
Cflow Fish Handling AS
Optimar As
Intership AS
Entec Group AS
Plany AS
VOLT Service
Zewo Chemicals
MMC FIRST PROCESS AS
NORWEGIAN GREENTECH AS
Marina Solutions AS
PE Bjørdal
Vartdal Plastindustri AS
Aquaservice AS
AMATEC AS
Filtra AS
Nogva Motorfabrikk AS
Aas Mek. Verksted AS
Pufab
Maritim Motor
Tomra Engineering AS
Solstrandverft AS
Møre og Romsdal fylkeskommune
Glamox AS, BU Glamox International
SHM Maritime AS
Brunvoll AS
Langset AS
Bud og Hustad Forsikring
Preplast Industrier AS
PTG Frionordica AS
Norwegian Marintech Production AS
Aukra Maritime AS
Brødr. Hukkelberg AS
Finnøy Gear & Propeller AS
Ocein as
Abyss
JM Robotics AS
Stranda Prolog
Redox AS
Maritech Systems AS
Multi Marine
PROMEK AS
Tilapia AS
Kvanne Industrier AS
Bio Marine AS
Betten Maskinstasjon AS
Marin Heim
Selstad AS
SIMONA Stadpipe AS
Fjord Miljø AS
Evoy AS
Furuno Norge (D)
Amokabel Norway AS (D)
Dimo AS (D)
DAVI TURBO AS
AALESUND PROTECTIVE WEAR AS (D)
KRISTIANSUND MEKANISKE AS (D)
Simployer AS (D)
Møre Maritime AS (D)
D = deltar digitalt
Kjelde: Aqua Nor

Publisert: 21.08.2021 06:00

Sist oppdatert: 27.08.2021 08:35

Mer om