Ro Senja Foto Rostein f15bbfde3dc1a14012b0b5f628033328
NESTEN DOBLING. Brønnbåten Ro Senja, som vart bestilt i 2021 og overlevert frå Larsnes Mek Verksted i fjor sommar har større lastekapasitet enn nybygget Rostein betiller no, men kosta cirka halvparten så mykje.
Nytt

Ny kontrakt til Larsnes Mek. Verksted

Hovudaksjonæren Rostein bestiller ny brønnbåt til nesten ein milliard kroner.

14.10.2024

- No byrjar vi å nærme oss milliarden, seier viseadministrerande direktør Glen Bradley i brønnbåtreiarlaget Rostein om prisen på den nye brønnbåten reiarlaget har bestilt frå Larsnes Mek. Verksted.

Det er snakk om ein kraftig prisvekst sidan 2021, då Rostein sist bestilte ny båt. 

Den nye brønnbåten får eit lastevolum på 3700 kubikkmeter. Brønnbåten Ro Senja, som vart bestilt i april 2021 og overlevert sommaren 2023 har eit lastevolum på 3900 kubikkmeter, men kosta likevel berre omlag det halve av båten som er bestilt no, ifølgje Bradley.

-Det har vore ein veldig inflasjon og det gjeld også denne sektoren. Dessutan er renta på eit heilt anna nivå. Det betyr at det er eit løfta å få det til, seier Bradley. 

Skipskompetanse-design
Det er ei kontrakt med oppdrettselskapet Lovundlaks Sjø, Kvarøy Fiskeoppdrett, Seløy Sjøfarm og Kobbvåglaks på Helgelandskysten som gjer at Rostein bestiller den nye brønnbåten no, ifølgje ei pressemelding.

Skipsdesignselskapet Skipskompetanse har designa fartøyet i i samarbeid med Rostein-reiarlaget. 

Nybygget skal leverast sommaren 2026 og blir båt nummer 20 i Rostein-flåten.

Skip for fem milliardar kroner
Medrekna den nye kontrakten har Rostein bygd skip for fem milliardar kroner hos Larsnes Mek. Verksted. Det underbyggjer kor viktig havbruksnæringa er for maritim sektor, skriv dagleg leiar Jarle Gunnarstein i ei melding på Linkedin.

Nybygget er det tolvte i ein serie som Larsnes Mek. Verksted har bygd for Rostein. Skroget blir bygd av det polsek selskapet Marine Projects.

Rostein eig 69 prosent av aksjane i Larsnes Mek Verksted etter at brønnbåtreiarlaget kjøpte seg inn i 2015 for å sikre seg nok kapasitet til å bygge brønnbåtar.

Medrekna den Rostein-kontrakten har verftet to nybygg i ordre.

Publisert: 14.10.2024 08:14

Sist oppdatert: 05.02.2025 17:05

Mer om