- Dette er ei strategisk investering for oss, seier Glenn Bradley i Rostein.
Brønnbåtreiarlaget på Harøya i Sandøy kommune har 11 brønnbåtar i drift, og trur det blir behov for fleire framover. Bakgrunnen for den vurderinga at oppdrettsnæringa vil vekse samstundes som behovet for brønnbåtar til mellom anna lusebehandling av laksen er aukande.
No fryktar reiarlaget at verftskapasiteten blir ein flaskehals.
- I den vekstfasen vi ser for oss skal kome i næringa så er det eit scenario, seier Bradley.
Rostein skal eige 68,75 prosent i verftet.
Det skjer gjennom at Rostein sitt morselskap Rofisk først kjøper halvparten av aksjane frå eksisterande aksjonærar. Målet er å gjennomføre den transaksjoen før jul. Etter årsskiftet blir det gjennomført ei kapitalutviding der Rofisk skyt inn pengar, slik at eigarandelen blir 68,75 i verftet.
Bradley seier partane er blitt samde om å ikkje opplyse kjøpesum eller storleik på kapitalutvidinga.
Det handlar mellom anna om at brønnbåtreiarlaget kan vere trygg på å få båtar til avtalt tid, pris og kvalitet.
- Det er eit ganske begrensa antal verft som har denne spesialkompetansen, seier Bradley.
Det er ikkje snakk om at Rostein skal fylle ordreboka på eiga hand, men tinge båtar når det er behov for det. Bradley seier han reknar med at reiarlaget sin kompetanse skal vere med å utvikle verftet når det gjeld brønnbåtar.
I 2013 halverte omsetninga seg, men verftet tente på nytt pengar. Omsetninga stoppa på 162 millionar kroner, og resultatet før skatt vart pluss ti millionar kroner.
Verftet har hatt oppdrag for Rostein sidan 2007, og meldinga om at reiarlaget blir hovudeigar er godt motteke hos dei tilsette, seier dagleg leiar Jarle Gunnarsgtein.
Brønnbåtreiarlaget på Harøya i Sandøy kommune har 11 brønnbåtar i drift, og trur det blir behov for fleire framover. Bakgrunnen for den vurderinga at oppdrettsnæringa vil vekse samstundes som behovet for brønnbåtar til mellom anna lusebehandling av laksen er aukande.
No fryktar reiarlaget at verftskapasiteten blir ein flaskehals.
- I den vekstfasen vi ser for oss skal kome i næringa så er det eit scenario, seier Bradley.
Sikrar kapasitet
Ved å bli hovudeigar i Larsnes Mek. Verksted har Rostein sikra seg tilgang til verft som kan bygge fleire båtar.Rostein skal eige 68,75 prosent i verftet.
Det skjer gjennom at Rostein sitt morselskap Rofisk først kjøper halvparten av aksjane frå eksisterande aksjonærar. Målet er å gjennomføre den transaksjoen før jul. Etter årsskiftet blir det gjennomført ei kapitalutviding der Rofisk skyt inn pengar, slik at eigarandelen blir 68,75 i verftet.
Bradley seier partane er blitt samde om å ikkje opplyse kjøpesum eller storleik på kapitalutvidinga.
Få verft ledige
Sjølv om skipsverfta generelt har fått litt mindre å gjere i løpet av det siste året, er det berre eit fåtal verft som har kunnskap og erfaring om å bygge brønnbåtar, meiner Bradley.Det handlar mellom anna om at brønnbåtreiarlaget kan vere trygg på å få båtar til avtalt tid, pris og kvalitet.
- Det er eit ganske begrensa antal verft som har denne spesialkompetansen, seier Bradley.
Skal bygge for andre
Leiinga ved Larsnes Mek Verksted skal halde fram etter eigarskiftet, og verftet skal drivast som eit sjølvstendig selskap som tek på seg byggeoppdrag for kven som helst.Det er ikkje snakk om at Rostein skal fylle ordreboka på eiga hand, men tinge båtar når det er behov for det. Bradley seier han reknar med at reiarlaget sin kompetanse skal vere med å utvikle verftet når det gjeld brønnbåtar.
Pluss i fjor etter smell i 2012
Sande-verftet gjekk på ein smell i 2012, og hadde då eit resultat før skatt på minus 26,8 millionar kroner av ei omsetning på 339 millionar kroner.I 2013 halverte omsetninga seg, men verftet tente på nytt pengar. Omsetninga stoppa på 162 millionar kroner, og resultatet før skatt vart pluss ti millionar kroner.
Verftet har hatt oppdrag for Rostein sidan 2007, og meldinga om at reiarlaget blir hovudeigar er godt motteke hos dei tilsette, seier dagleg leiar Jarle Gunnarsgtein.
Dette er ei strategisk investering for oss
Publisert: 20.03.2015 11:18
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39