Arbeidsbåt frå Salthammer
ANLEGGSARBEID: Den nye båten frå Salthammer Båtbyggeri skal leverast neste sommar. Illustrasjon: Tomra Engineering
Nytt

Ny kontrakt til Salthammer

Skal bygge arbeidsbåt til anleggsentreprenør.

21.06.2023

Den 26,1 meter lange og 15 breie katamaranen skal vere ferdig til sommaren 2024. Kjøparen er anleggsentreprenørfirmaet Hansen Maskin & Transport i Glomfjord.

Båten får kran og ein lem som gjer at gravemaskiner kan køyrast ombord.

Salthammer Båtbyggeri skal bygge både skrog og stå for utrustning.

Designet, kalla BobCat 26, er det Salthammer Båtbyggeri sitt designselskap, Tomra Engineering, som står for.

Dagleg leiar Lasse Stokkeland vil ikkje opplyse storleiken på kontrakten, men seier slike båtar brukar å koste rundt 50 millionar kroner.

Med den siste kontrakten har Salthammer Båtbyggeri i Tomrefjorden tre båtar under bygging, ein arbeidsbåt til oppdrettsverksemd i Skottland og ein bløggebåt til Herøyreiarlaget Charvest.

Publisert: 21.06.2023 14:22

Sist oppdatert: 21.06.2023 14:23