Herøy-reiarlag byggjer båt nummer to
Satsa i ny nisje i oppdrettsbransjen - og utvidar, trass i grunnrenteskatten.
Herøy-reiarlaget Charvest har hatt den kombinerte bløgge- og arbeidsbåten Csaver i tre år.
No har reiarlaget bestilt nummer to hos Salthammer Båtbyggeri, som også bygde den første. Det 19 meter lange fartøyet skal leverast frå verftet rundt påska 2024.
Dagleg leiar og medeigar Ole-André Leine i Charvest ønskjer ikkje å gå ut med prisen for nybygget, men seier den første kosta 45 millionar kroner.
Med fleire kontraktar på nye fartøy i ordreboka, og faste gode kundar innen stålkonstruksjonar er Salthammer Båtbyggeri rigga for ei fortsatt positiv utvikling i åra som kjem, skriv verftet i ei felles pressemelding.
Ny nisje
Leine har arbeidd fleire år i oppdrettsnæringa og seier ideen bak Charvest kom av at han såg at fisk som var utmatta etter til dømes lusebehandling gjekk til spille. I bransjen blir dei kalla "svimarar".
Det Charvest gjer er å plukke ut "svimarane" og bløgge fisken. Då kan den sendast til slakteriet og blir godt betalt matfisk i staden for at mange til slutt stryk med og døyr i anlegga og går til oppmaling, som gir mindre inntekter for oppdrettarane.
Båten som skal byggast no er lik den første, men med forbetringar basert på erfaringane frå Csaver. Det nye fartøyet blir også utstyrt med batteripakke som gjer at den kan arbeide utsleppsfritt ved oppdrettsanlegga og også gir betre drivstofføkonomi.
Start etter grunnrenteskatten
Leine etablerte Charvest saman med barndomskameraten Thomas Remøy. Dei eig selskapet, saman med familien til Remøy og marknadsdirektør Gunnar Hoff i Cflow.
I 2021, som er sist tilgjengeleg rekneskap, hadde selskapet 17,7 millionar kroner i driftsinntekter og 5,1 millionar kroner i resultat før skatt.
Båten nummer to, som no er bestilt, har vore planlagt i lang tid fortel Leine. Men planane vart lagt på is då regjeringa i fjor haust varsla at den ville innføre ein grunnrenteskatt på 40 prosent på oppdrettsnæringa. Då var tilbakemelding frå oppdrettselskapa slik at det berre var å stoppe, ifølgje Leine.
– Ingen båtar er bestilt til havbruksnæringa etter at grunnrentedebatten tok fyr, sa administrerande direktør Asle B. Strønen i sals- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft til NETT NO i førre veke.
No har i alle fall Charvest brote den trenden. Etterkvart kom selskapet til at det var grunnlag for å investere i nybygg likevel, ifølgje Leine.
Publisert: 12.05.2023 12:51
Sist oppdatert: 12.05.2023 13:42