Våren 2019 spådde Ulstein Group at selskapet snart skulle få oppdrag nummer sju, åtte, ni og ti for amerikanske Sunstone Ships, som får bygd cruiseskip i Kina med design og utstyr frå Ulsteinvik.
Så fort gjekk det ikkje, men no har Ulstein Design & Solutions fått kontrakt nummer sju.
Les også
200 millionar
Kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions, seier kontrakten omfattar både design og utstyr og er til saman på i underkant av 200 millionar kroner.
Koronapandemien er årsaka til at det stoppa opp i 2019.
Opsjonsavtalane frå då gjekk ut på dato, men Ulstein Design & Solutions lukkast med å få på plass avtale nummer sju med Sunstone.
Erfaringane med dei fem fartøya med dette designet som alt er i drift er veldig gode, både når det gjeld behagleg gange i sjøen og drivstofføkonomi, ifølgje Skoge.
Ulstein Desing & Solutions kjem til å marknadsføre designet mot andre kundar.
Spesialtilpassa skip
"Sjølv om alle fartøya i denne klassa har vorte utvikla på den same designplattforma, og med ei lengde på 104,4 meter og ei breidde på 18,4 meter, er alle spesialtilpassa kundens behov for ulike tal passasjerar og mannskap, og fellesroma er også utforma i samsvar med kunden sine ønske. Dette nye fartøyet, som altså er nummer sju for SunStone Ships, deler den same eigenskapen som tre andre fartøy i klassa ved at det har vindauge rundt heile baugen for å gi mykje lys og ei oppleving av å vere i naturen medan ein oppheld seg innandørs.", skriv Ulstein Group i ei pressemelding.
Skipet har plass til 300 personar, der 167 er gjestar.
Publisert: 17.02.2023 15:15
Sist oppdatert: 17.02.2023 15:53