Vert truleg bygd ti slike X-bow-skip
Ulstein og Sunstone Ships reknar med at dei fire siste opsjonane på design og utstyr kjem på plass i løpet av året.
Førre månad vart det første av Sunstone sine cruiseskip sjøsett ved CMHI-verftet i Kina - og det kan få selskap av i alt ni systerskip dei neste åra.
Sunstone Ships la i 2017 inn opsjonar på til saman ti skip og nyleg vart ein endeleg avtale for skip nummer seks signert.
Administrerande direktør Niels-Erik Lund i det amerikanske cruiseselskapet trur dei resterande fire opsjonane vert signert innan utgangen av året, melder Ulstein Group på sine heimesider.
Vil raskt ut i marknaden
Lund er ivrig etter å ta i bruk det første skipet som etter planen skal ut i vintercruise i Antarktis seinare i år.
– Dei som ynskjer å leige desse skipa av oss er ivrige etter å ta del i dei fordelane som ligg i X-Bow-designen og driftseffektiviteten i Infinity-klassa. Så vi handlar raskt for å få dei inn i marknaden, uttalar han.
Det første skipet skal heite «Greg Mortimer» etter grunnleggjaren av operatørselskapet Aurora Expeditions. Dei neste skipa vil få namna Ocean Discoverer, Ocean Explorer og Ocean Victory.
Trur på utstyrsavtalar
Skipa er av typen CX103-design med X-BOW og er designa av Ulstein Design & Solutions. Ulstein har levert utstyrspakkar til skipa så langt og trur dei vil lande tilsvarande avtalar om dei neste skipa, ifølgje Vikebladet.
– Vi skal snakke saman i Kina for å få i hamn det formelle. Eg meiner det ser svært lovande ut, og at vi klarer målsettinga vår om å få alt det formelle i orden på dei siste skipa også, seier kommersiell direktør Lars Ståle Skoge i Ulstein Design & Solutions til avisa.
Sunstone-skipa er dei første cruiseskipa som får denne baugforma. Tidlegare har Ulstein designa den litt mindre luksusyacten Olivia O, som også var utstyrt med X-Bow.
Les også: Sjekk korleis Lindblad-skipa blir sjåande ut på innsida
Publisert: 30.04.2019 12:06
Sist oppdatert: 17.02.2023 15:31