NTB s M91 DQRGB Gc IKKJE BRUK
INNSTRAMMING: Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) varslar at det kan komme strengare koronatiltak denne veka. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nytt

Ny koronainnstramming i vente

Helseministeren: – Kan komme fleire og strengare tiltak denne veka.

06.12.2021

NPK-NTB: Helseminister Ingvild Kjerkol er bekymra over omikronutbrudda som dukkar opp fleire stader i landet. Ho varslar at det snarleg kan komme strengare tiltak.

– Eg ser ikkje bort frå at det kan komme fleire og strengare tiltak denne veka. Vi følgjer det fortløpande og er i tett dialog med fagstyresmaktene. Det skal vi kommunisere godt ut dersom det kjem, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til VG.

Ho håpar at alle kan få feire jul som vanleg trass i omikronvarianten som det no er fire mistenkte eller stadfesta utbrot av i Noreg. Ho seier at det ikkje er hogd i stein.

– Vi har kontroll på pandemien, men det har komme fleire utbrot med mistanke om omikron. Vi har ei forskrift knytt til dei tilfella der det er mistanke om varianten, med lengre isolasjon og karantene for husstandsmedlemmer. Eg er bekymra, og vi ser på fleire tiltak regionalt og nasjonalt, seier Kjerkol.

Helseministeren ventar no på ei vurdering frå Folkehelseinstituttet (FHI) rundt kva intervall dei under 65 år bør ha på oppfriskingsdosen av koronavaksinen. Førebels er intervallet på seks månader for dei under 65 år, og fem månader for dei over 65.

Kjerkol seier at ho ventar vurderinga i byrjinga av denne veka.

Publisert: 06.12.2021 08:08

Sist oppdatert: 06.12.2021 08:12